Åpen for alle - alltid

Norske Cannes-filmar til mange land

Artikkelen fortsetter under annonsen

Filmane «Den brysomme mannen» og «Uro» er selde til ei rad med land etter deltakinga i årets Cannes-festival.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Filmweb.no)(Foto: Filmweb.no)

(NPK): «Den brysomme mannen» er seld til distributørar i Sveits, Ungarn og Romania, medan det er interesse for filmen i både Frankrike, Storbritannia og Tyskland. Det fortel Stine Oppegård i Norsk filminstitutt til magasinet Rush Print.

«Uro», som var teke ut til programmet «Un certain regard» i Cannes, har i større grad appellert til latinske land, og er seld til Spania, Portugal, Brasil, Frankrike, Hellas og Tsjekkia. Produsent Asle Vatn i Friland fortel at salsagenten Rezo Films også forhandlar om distribusjon i store filmland som Japan og Tyskland.

Stine Oppegård meiner det er for tidleg å seie noko om distribusjonen av «Slipp Jimmy fri» utanlands, men seier det er stor interesse for dei norske filmane frå fleire festivalar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving