Meny

Naturkrefter og utrulege krumelurar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Er det ikkje heilt utruleg at to menneske kan lage eit nytt menneske?

Sjå Arne Hjeltnes liggje og duve i verdas sterkaste malstraum, Saltstraumen. (Foto: vannstand.statkart.no)Sjå Arne Hjeltnes liggje og duve i verdas sterkaste malstraum, Saltstraumen. (Foto: vannstand.statkart.no)

Eg har ikkje unngått å leggje merke til at

Fotball-VM

byrjar i dag, og at alle fotballianarane frydar seg, sjølv om det sjølvsagt hadde vore betre om Noreg hadde vore med. Arne Scheie er no i alle fall med, no når NRK-streiken heldigvis er over.

Gutta igjen


Men eg er heilt nøydd til å gjere merksam på at

reprisa av Gutta på tur

som dykkar i

Saltstraumen

, verdas sterkaste malstraum, går på TV2 klokka 20 på fredag. Kombinasjonen av vill natur og dei koselege gutane Arne Hjeltnes, Brimien og Ullvangen er noko ein ikkje kan unngå å like.


Håpefulle på tur


Etter mi meining er det mest uimotståelege av alt ein kan sjå på TV i helga, den britiske dokumentarserien «I mors mage» (Life before birth). Klokka 19 på søndag sender TV2 første delen av denne utrulege dokumentaren som tar deg med på ei reise som byrjar med håpefulle

sædceller

på veg mot egget. Vi får bli med på alt frå den første celledelinga til barnet kjem ut av mor si for å byrje livet som sjølvstendig individ.

Eit tolv veker gamalt foster, som om nokre år kan bli banksjef, bankranar eller bibliotekar. (Foto: justthefacts.org)Eit tolv veker gamalt foster, som om nokre år kan bli banksjef, bankranar eller bibliotekar. (Foto: justthefacts.org)

Ein ny liten knert


Sjølv om det er ei god stund sidan naturen sitt under gjekk opp for meg, blir eg framleis meir forundra og fasinert for kvar gong eg tenkjer på det: To heilt vanlege folk kan få til å starte ein prosess som kan ende opp med at ein heilt ny liten knert kjem til verda. Og det berre med å hyggje seg litt i halmen.

Ganske avansert


Utruleg, men sant. Som Lina, hushjelpa hos Emil i Lønneberget sa det:
- Det er greitt at Gud har skapt menneska, det kan eg forstå, men korleis i hulaste fekk han til dei der krumelurane i øyra?


Vi får sjå alt


I «I mors mage» er det nytta ny teknologi som gjer det mogleg å sjå heile utviklinga av eit nytt menneske. Denne teknologien gjer at vi kan sjå video av fosteret, og både følgje utviklinga av organ og sjå kva det litle menneskefrøet held på med der inne.

Neste søndag kjem andre og siste del av serien.


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus