Dei sju dødssyndene
Dei to politietterforskarane i djup konsentrasjon over den noko krevjande saka dei er sett til å løyse.
På laurdagskvelden kan den som har sterke nerver sjå ein fæl og fascinerande film. Klokka 21.35 sender nemlig TV2 den amerikanske thrilleren «Seven» (Se7en) frå 1995.
To drapsetterforskarar må løyse ein uforståeleg serie med mord som viser seg å vere basert på dei sju dødssyndene. Desse sju er som du kanskje veit fråssing, grådigskap, latskap, stoltheit, begjær, misunning og vreide.
Dei sju dødssyndene blei annonserte av pave Gregor den store på sekshundretalet, og har sidan vorte utgangspunkt for fæle framstillingar i bildekunst, litteratur og på film.
Det er jo alltid kjekt å sjå Brad Pitt. Her rimeleg stressa, og med plasterlapp. (Foto: bradpittfan.com)
Litt meir utfordring
I «Seven» møter vi Morgan Freeman som ein røynd politietterforskar som skal gå av med pensjon. Brad Pitt spelar kollegaen hans, jyplingen frå landet som har flytt til storbyen for å få meir utfordrande saker å bryne seg på. Det får han, for å seie det forsiktig.
Dei to oppdagar at dei har ein kalkulerande og lynande intelligent psykopat å hanskas med i ei noko i overkant krevjande sak. Mordaren leikar med politiet, og bereknar kva dei vil gjere med ein skremmande presisjon.
Det dukkar stadig opp nye lik, det eine meir bestialsk likvidert enn det andre. Mordaren opptrer forskjellig kvar gong, men det ser ut til å vere eit mønster i det heile. Mønsteret mordaren jobbar etter viser seg altså å vere dei sju dødssyndene.
Blautkokt, eg?
Eg såg denne filmen på ein filmklubb for nokre år sidan, og kompisen eg skulle gå på kino med, kom for seint. Derfor blei eg sitjande åleine å sjå, og for meg blei det litt vel sterk kost. Sjølv om det er interessant å sjå ein galen mann og kva han kan finne på, vil eg rå deg til å alliere deg med ei skulder du kan lene deg mot når det røyner på. Viss du er litt blautkokt altså, eg innrømmer at eg er det.
«Seven» var ein publikumssuksess då han kom, og nådelaust spennande er han, det kan eg skrive under på.
I filmen kan du sjå Brad Pitt, Morgan Freeman, Gwyneth Paltrow, Kevin Spacey, R. Lee Ermey, Daniel Zacapa, Richard Roundtree, Julie Araskog, John Cassini, Peter Cromble, Reginald E. Cathey og Hawthorne James. Regien er ved David Fincher.
Filmen har fått 18 års aldersgrense (eigentleg eit teikn på at sånne som meg aldri burde sjå filmen i det heile), og er slutt klokka 23.40.
Les meir på nettet
Aftenposten om
dei sju dødssyndene