Ein liten gris
Akkurat som meg og deg likar Beyoncé å slenge rundt i jeans og ei lett trøye. (Foto: byonce.com)
Beyoncé Knowles er ei skikkeleg stjerne. Ho er ung, vakker, og talentfull, alltid superelegant kledd og ho har ein framifrå oppførsel.
Umuleg å samanlikne seg med, tenkjer me. Me når ho ikkje til knea ein gong.
Vaskar seg ikkje
Men det var før! Det viser seg nemleg at den godaste Beyoncé ikkje er så feilfri, likevel. Ho er rett og slett ganske ekkel. Til eit engelsk kvinnemagasin fortel ho at ho til dømes ikkje vaskar seg i ansiktet.
- Eg berre kleisar på litt lotion i staden, seier ho.
Aha, tenkjer me, dette høyrest kjent ut! Dette er nett som dei gjorde under Ludvig 14. , på den tida omgrepet personleg hygiene ikkje var funne opp ennå. Ludvig og vennene hans la nemleg berre på nytt pudder og ny sminke opp det gamle. Heiv på ei overdose parfyme, og vips - gammal sveitte blei som ny. Dei var nokre riktige grisar.
Og nå altså: Beyoncé Knowles plukkar opp trendar frå Solkongen si tid.
Trippel-æsj
Men det er meir. Underbare Beyoncé kan nemleg fortelje at ho har blitt tatt i å sikle ein gong. Ho var hos frisøren der ho sat under ein fønar eller noko og venta på at kjærasten skulle kome og hente ho. Og kva skjer?
Viss du berre lyfter litt på armane, så får me sjå kva du skjuler, frøken Knowles! (Foto. millenia.pl)
- Eg sovna der eg sat, fortel ho. - Og når kjærasten min kom, sat eg der med open munn og sikkel rennande nedover haka.
Æsj, æsj, æsj. Det må me seie. Det høyrest ikkje særleg lekkert ut, nei.
Lodden sak
For å toppe det heile, kan me lese i Se og Hør denne veka at Beyoncé også møtte opp i Cannes førre veka med eit usjarmerande innslag av ettervekst under armane. Ho hadde nemleg gløymt å barbere seg før ho tok festkjolen på. Fysj og fysj.
Rett nok var det berre bittelitt ettervekst det var snakk om. Ikkje meir enn at ein akkurat såg det gjennom lupa. Mykje, mykje mindre enn det Julia Roberts har vist seg med. Men likevel. Du er ein liten gris, Beyoncé. Du er det.
Når opp
Følgjer ho sin eigen trend, skal det ikkje forundre meg om ho ikkje har barbert leggene sine denne veka. Jaja, då blir det lunt og godt for oss andre når me lener oss inntil ho for å finne ut at me faktisk når ho til knea likevel.