Fluge på veggen i historia

Artikkelen fortsetter under annonsen

Randi Storaas blei forelska i bildespelet i 1984, og ser etter 22 år ingen teikn til at det skal gå over.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå bildespelet «Då sjøen var vegen» som visast på Hardanger Fartøyvernsenter. (Foto: Anders Wallevik. Eigar: Hardanger Folkemuseum.)Frå bildespelet «Då sjøen var vegen» som visast på Hardanger Fartøyvernsenter. (Foto: Anders Wallevik. Eigar: Hardanger Folkemuseum.)

Veit du kva eit bildespel er? Det er ikkje ein film, heller ikkje ei lysbildeframsyning. Bildespelet er eit eige medium, som fortel ei historie med bruk av bilde og lyd. Du har kanskje sett eit bildespel viss du har vore på museum.

Ei komprimert oppleving


- Å lage bildespel er å leike seg med bilde. Ein kan velje bilde på øvste hylle, av beste kvalitet, og setje dei saman med lyd og musikk til ei komprimert oppleving. Set ein saman gode foto frå tidlegare tider kan ein få kjensle av å vere fluge på veggen i historia, seier bildespelmakaren Randi Storaas.

Bildespelmakaren Randi Storaas har det som plommen i egget når ho får leike med bilde og lyd. (Foto: Olav Bjørkum)Bildespelmakaren Randi Storaas har det som plommen i egget når ho får leike med bilde og lyd. (Foto: Olav Bjørkum)

- Men kva er fordelen med bildespel i forhold til film?
- Bildespelet kan visast direkte frå ein pc, noko som gjev svært god bildekvalitet. Ein kan jobbe med bilde og lyd uavhengig av kvarandre, og det er lett å veksle mellom bilde frå ulike tidsperiodar. Ein har moglegheit til å bruke mykje større lerret og lage panoramabilde på ein annan måte enn i filmen. Det er også noko heilt anna å fortelje historier med autentiske bilde av dei menneska ein fortel om, enn å kle ut skodespelarar som historiske personar. Det finst elles langt fleire gode foto enn det finst filmklipp frå fortida.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Sykkeltur


Storaas har vore hekta på bildespel etter at ho fekk ei skilsetjande oppleving for 22 år sidan. Det var på ein sykkeltur på Åland ho møtte forma for første gong.

- Etter å ha sett to bildespel om Ålands historie og kunst, syntest eg eg var blitt kjend med Åland og ålendingane. Det var ei heilt anna oppleving å sykle vidare gjennom det ålandske landskapet når eg hadde denne kunnskapen med meg. Dette er noko for meg, tenkte eg med ein gong, seier Storaas.

Den perfekte forma


Ho hadde funne ut kva ho skulle drive med i livet, eit medium der ho kunne kombinere interessa for komposisjon og det å formidle historie. Med hovudfag i etnologi i tillegg til formingsutdanning, peika bildespelet seg ut som den perfekte forma til å seie det ho ville.

Industriarbeidarborn


I 1988 var det første bildespelet hennar ferdig. Det heitte «Borna på bakke», og blei laga for Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tyssedal. Der møter vi Bodil Honve og Harald Knutsson som fortel om oppveksten i industristaden Odda i 1920-åra.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå «Kvinna ved havet», Hardanger Fartøyvernsenter. (Foto: Synneva Hevrøy)Frå «Kvinna ved havet», Hardanger Fartøyvernsenter. (Foto: Synneva Hevrøy)

Utvidar historia


Eg har vore i Odda og møtt «Borna på Bakke». Bildespelet utvidar opplevinga ein får når ein etterpå går gjennom dei gamle industriarbeidar- bustadane. Sjølv om ein har ein guide med seg som fortel om menneska som budde der, så er det ikkje noko som kan erstatte historia slik ho blir fortald av dei menneska som har opplevt ho, samstundes som ein går rett inn i autentiske miljøet ved hjelp av foto og lyd.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Kritisk til ungdomsverka


Sjølv om Storaas framleis får mykje skryt for dei første bildespela sine, som framleis rullar og går for fullt rundt om på musea, er ho sjølv kritisk til ungdomsverka sine.

- I dei fyrste bildespela er det lett å sjå at eg kom frå universitetet og hadde mykje på hjarta. Eg var ikkje så flink til å la bilda fortelje og å skape variasjon, meiner ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Den digitale verda


Dessutan har det skjedd mykje på det tekniske planet dei siste 20 åra.

- No skjer alt digitalt, noko som gjer arbeidet både lettare og kjekkare, og så har ein langt fleire moglegheiter. No kan ein lage bildespel i kva format ein vil, til dømes kan ein sjå utsynet saumlaust i 360 grader, ein kan panorere, tilte, zoome, leggje inn film og jobbe i fleire bildelag, der ulike lag kan vere meir og mindre transparente.

Ungdomsbilde av Synneva Hevrøy, heltinna i bildespelet Kvinna ved havet.Ungdomsbilde av Synneva Hevrøy, heltinna i bildespelet Kvinna ved havet.

Lyd og bilde


- Korleis jobbar du med lyden til bildespela?
- Stundom tek eg utgangspunkt i ein god forteljar og eit godt intervju, og byggjer opp under det han/ ho fortel med lydeffektar og musikk. Andre gonger vert historia fortald utan ord. Då får bilde, lydeffektar og musikk skapa opplevinga aleine. Skriv eg ei kommentarstemme så etterstrevar eg eit knapt og levande språk, utan for mykje forklaring og belæring. Stundom gjer eg lyddesignen sjølv og lagar lydsida saman med ein lydteknikar. Andre gonger kjennest oppgåva for stor, og då samarbeider eg med profesjonell lyddesigner og/ eller komponist.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter starten på åttitalet har det blitt bildespel for både Maihaugen og Norsk Skogbruksmuseum i tillegg til fleire program for Norsk Vasskraft og Industristadmuseum og Hardanger Fartøyvernsenter.

Frå bildespelet «Drama i berg», som er under arbeid for Folgefonna Nasjonalparksenter. Berget ber på eldgamle løyndomar om korleis landskapet er blitt til. (Foto: Randi Storaas)Frå bildespelet «Drama i berg», som er under arbeid for Folgefonna Nasjonalparksenter. Berget ber på eldgamle løyndomar om korleis landskapet er blitt til. (Foto: Randi Storaas)

Drama i berg


No har ho akkurat avslutta arbeidet med

Kvinna ved havet

, som fortel kysthistorie frå kvinnene sin ståstad. Hovudprosjektet framover er eit oppdrag for Folgefonna Nasjonalparksenter, som har bestilt eit bildespel om korleis Folgefonnhalvøya i Hardanger er blitt til.

- Det handlar om Noregs 1,5 milliardar år lange, og utruleg fasinerande geologiske historie, eit sakte, mektig drama i berg, seier bildespelmakaren engasjert.

- Eg har det som plommen i egget når eg får setje meg inn i nye tema, samarbeide med dyktige fagfolk, dra ut essensen av stoffet, og prøve å formidle det vidare på ein god måte. Eg blir lett fasinert av temaet eg skal formidle, av leiken med bilda, og får mange idear undervegs. Stundom kjennest det som eg arbeider med eit stort puslespel av bilde, ord, tekst, lydar og musikk, og det er ei herleg kjensle når eg kjenner at det byrjar å leve, seier Randi Storaas.


Les meir i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving