Kvinna ved havet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei gammal kvinne fortel historia om livet sitt på ei lita øy i havgapet. Eit rikt og hardt liv, fjernt frå kvardagen slik vi kjenner han no.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi har mykje kyst i Noreg, og historia rundt kystkulturen er ein viktig del av kulturarven vår. Som på andre område har det vore mykje fokus på innsatsen til mennene opp igjennom tidene, men kva heldt kvinnene på med mens mannen var på sjøen i månadsvis?

Fruktbart og vêrhardt


No set Hardanger Fartøyvernsenter fokus også på kvinnene si kysthistorie i eit flunkande nytt bildespel, «Kvinna ved havet». Der møter vi Synneva Hevrøy frå Austevoll i Hordaland, som kom til den fruktbare men vêrharde Fugløy i 1940. Synneva og systera Alvhild gifte seg med to brør på Fugløy. Dei to systrene tok seg av garden, ungane og alt heime mens mannfolka var på fiske i fleire månader av gongen.

Først - og sist

Då svigerforeldra til Synneva flytte til Fugløy i 30-åra, var dei dei første som slo seg ned der. Det var meininga at fleire skulle kome etter, men det kom ikkje fleire enn dei to systrene som gifte seg med to av sønene deira. Det var svært fruktbart på Fugløy, 900 mål med dyrkbar jord låg der og venta på å bli brukt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I «Kvinna ved havet» får vi høyre historia fortald av Synneva sjølv. Ho fortel levande og nært om barndom, oppvekst og livet som fiskarkone ute i havgapet, eit liv heilt avhengig av sjøen og båten.

Fire systrer på eitt par skor


« - Eg vaks opp som ei av ni sysken. Vi var fire systrer som delte på eitt par lærskor. Desse skorne var heilagdom fordi dei var kjøpte,» fortel stemma til Synneva i bildespelet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dermed var det berre ei av gongen som kunne vere med i kyrkja. Til vanleg gjekk dei med treskor som faren laga til dei. Etterkvart som syskena blei konfirmerte, kom dei i teneste på ulike gardar.

Synneva Hevrøy og familien hennar på Selbjørn i 2003 og i 1950-åra. (Foto: Synneva Hevrøy/ Per Haukeland. Montasje: Randi Storaas.)Synneva Hevrøy og familien hennar på Selbjørn i 2003 og i 1950-åra. (Foto: Synneva Hevrøy/ Per Haukeland. Montasje: Randi Storaas.)

Spennande historie


Bildespelmakar Randi Storaas er nøgd med å ha fått ferdig historia om Synneva. Siste hand på verket blei lagd om morgonen på premieredagen. Heilt sidan 2003 har ho jobba med Synneva si historie. Då intervjua ho den staute dama, som då var 83 år. Historia skulle eigentleg vere med i bildespelet «Då sjøen var vegen», som blei ferdig i 2004.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men Synneva si historie var så spennande at ho berre måtte bli presentert i eit eige program, seier Storaas.

Og historia riv meg med, engasjerande og godt fortalt. Vi blir med Synneva og Alvhild på fiske, og vi får oppleve både storm og godversdagar på Fugløy.

Lydar frå havgapet


Stemma til Synneva, lydar frå havgapet og musikk smeltar saman med gamle og nye foto som sklir over i ein annan. Musikken er sett saman av mykje forskjellig, både moderne jazzlegender som Georg Riedel og Pat Metheny og den store kystkulturformidlaren Ivar Medaas er med på å byggje opp under opplevinga.

Venta på molo


Fugløybuarane venta forgjeves både på fleire folk og moloen dei var blitt lova til vern mot havet. Etter at dei hadde budd på Fugløy i 20 år hadde det endå ikkje kome verken folk eller molo. Etter at to ein storstorm hadde skylt over øya og knust både båtar, sjøhus og hønsehus, fann dei to familiane til slutt ut at dei måtte kome seg vekk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det var svigerfaren som meinte det var best å flytte før det gjekk folk. Sjølv blei han ikkje med på lasset, han mista gnisten og døydde mens sønene med familiar flytte vekk frå livsverket hans, fortel Randi Storaas.

Tok med seg huset


I 1952 tok dei to familiane med seg huset og flytte til Selbjørn, der det var skikkeleg hamn og mindre vêr.

- Det viktigaste for dei var å finna ei hamn der dei slapp gå å sjå til båtane om nettene og kveldane. På Fugløy måtte dei nemleg flytte båtane rundt øya etter korleis vêret stod, fortel Randi Storaas.

«- Men vår beste tid den hadde me på Fugløya, tross alt. Takk då Fugløy!,» seier stemma til Synneva.


Døydde i fjor


Synneva Hevrøy døydde sommaren 2005, og rakk ikkje å sjå bildespelversjonen av livet sitt. Men bildespelet «Kvinna ved havet» formidlar den spennande historia til Synneva, som representant for mange kystkvinner, og gjer ho levande for nye generasjonar.

Viss du er på Vestlandet i sommar, prøv å få til eit besøk på Hardanger Fartøyvernsenter og ein tur inn i Synneva Hevrøy si verd. Det vil du ikkje angre på.


Du kan sjå bildespelet «

Kvinna ved havet»

på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund ved Hardangerfjorden kvar dag heile sommaren, og etter avtale utanom sesongen. Fartøyvernsenteret viser og to andre bildespel, «

Nordlandsfarten»

og «

Då sjøen var vegen»

.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving