Planarbeid for nynorskfaget i gang

Ein rapport om norskfaget i framtida tilrår blant anna at det blir lagt ein strategiplan for nynorsk i skulen, og at det skal utarbeidast digital programvare og oppslagsverk også på nynorsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Noregs Mållag)(Foto: Noregs Mållag)

(NPK): Rapporten er skriven av ei frittståande arbeidsgruppe, som på oppdrag frå regjeringa har sett på norskfaget i det fleirkulturelle samfunnet i brei forstand.

Med bakgrunn i tilrådingane frå gruppa, har Kunnskapsdepartementet gjeve Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide ein strategiplan for nynorsk i skulen, både for elevar med nynorsk som opplæringsspråk og for sidemålsundervisninga i nynorsk.

Underdirektør Jorunn Holen i Utdanningsdirektoratet opplyser at prosessen er i gang. Arbeidet blir koordinert frå direktoratet, i samarbeid med Nynorsksenteret i Volda.

- Elles kan eg ikkje seia så mykje om arbeidet enno, anna enn at utkast til strategi er planlagt å kunne sendast over til departementet 1. desember 2006, seier Holen.

Når det gjeld tilrådinga i rapporten om administrativ programvare og oppslagsverk på nynorsk, fortel Holen at dette må vurderast i samband med det arbeidet som går føre seg i departementet med retningsliner for tilskot til parallellutgåver. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy