Olme beist eller søte kosedyr

Artikkelen fortsetter under annonsen

John Cleese reddar laurdagskvelden din med ein film der stygge, ekle beist vert sett opp i mot søte, koselege dyr.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Konflikt mellom leiing og arbeidstakarar i dyreparken. (Foto: orangecow.org)Konflikt mellom leiing og arbeidstakarar i dyreparken. (Foto: orangecow.org)

I den britiske komedien «Olme beist» (Fierce Creatures) frå 1997, møter vi John Cleese i kjend stil.

Eit stort, multinasjonalt selskap har kjøpt opp ein dyrepark i London, og den nye leiinga har ein overraskande strategi for å trekkje til seg besøkjande.

Ein sikker vinnar


Ideen er at dyreparken skal fyllast med skumle og ekle dyr som skremmer gjestene. Menneskeetande rovdyr, til dømes, er ein sikker vinnar ifølgje den nye leiinga.

Menneske og monster


Dei tilsette i dyreparken set seg i mot planane, og er meir for den velprøvde stilen med koselege, søte dyr. Det ligg an til ein konflikt mellom arbeidarar og leiing, og mellom menneske og monster.

Enkelte blei skuffa då dei såg denne filmen, fordi dei venta noko like bra som «A fish called Wanda» frå 1988. Men viss du ikkje har sett Wanda, eller klarer å gløyme det, er «Olme beist» ein absolutt sjåverdig og morosam film.

I tillegg til John Cleese får vi sjå Jamie Lee Curtis, Kevin Kline, Robert Lindsay, Michael Palin og Ronnie Corbett. Regien er ved Robert Young og Fred Schepis.

«Olme beist» ser du på NRK 1 laurdagskvelden klokka 23.35. Tilrådd aldersgrense på filmen er sju år.

Les meir på nettet:


Mykje om dyr i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving