Meny

Vil droppe himmelfartsdagen som fridag

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Noreg er eitt av dei få landa som har Kristi Himmelfartsdag som offentleg fridag.

(Ill: jesus-passion.com)(Ill: jesus-passion.com)

(NPK): No meiner vikarpresten Knut S. Bakken i Torshov kyrkjelyd i Oslo at dagen har utspelt rolla som helligdag.

- For kyrkja sin del kan ein gjerne ha kveldsgudstenester som markerer dagen, seier Bakken til Vårt Land. Bakken, som også er Arbeidarpartipolitikar, ser at det er eit problem for arbeidstakarar å miste ein fridag. Men ved å fjerne fem kyrkjelege helligdagar, kan ein heller innføre ei ekstra ferieveke, meiner han.

I tillegg til Kristi himmelfartsdag, ønskjer han å fjerne skjærtorsdag og dei tre andredagane ved jul, påske og pinse.

- Det finst så mange tilbod. Kyrkja kan like godt prioritere førstedagane. Eg meiner at det er ønskjeleg med ein debatt om kor mange forordna gudstenester det skal vera, seier Bakken.

Men generalsekretær Dag Nygård i Norges Frikirkeråd har liten sans for forslaget om å kutte Kristi himmelfartsdag som offentleg fridag.

- Eg synest at det er viktig å ta vare på desse dagane knytt til sentrale hendingar i den kristne trua. Om noko skulle kuttast, så ville eg heller vald skjærtorsdagen. Hendingane som knyter seg til denne dagen skjer om kvelden, og er difor naturleg å markere på kveldstid. Men Kristi himmelfartsdag synest eg vi skal halde på, seier Nygård til Vårt Land. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus