Giske-nei til politisk TV-reklame

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kulturminister Trond Giske og regjeringa set ned foten for politisk TV-reklame. Dermed blir Stortingets vedtak om å opne for politisk reklame endra før det er sett i verk, skriv Dagsavisen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Odin.dep.no)(Foto: Odin.dep.no)

(NPK): Regjeringa meiner at politisk TV- reklame i for sterk grad vil favorisere dei som har råd til å betale for seg. Giske seier difor at regjeringa vil be Stortinget gjere om vedtaket.

- Det finst mange andre kanalar dei politiske partia kan bruke for å få fram bodskapen sin. Og det er ikke noko spesielt i at vi regulerer mediemarknaden. Det gjer vi på mange område, blant anna gjennom konsesjonar, pressestøtte og momsfritak, seier Giske til Dagsavisen.

Kulturministeren håpar at KrF og Venstre også er med på regelendringa, trass i at deira regjering altså ville det motsette.
(NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving