Låg aksjeetikk i organisasjonar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre to av fem av dei største humanitære organisasjonane i Noreg har etiske retningsliner for aksjeinvesteringane sine.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Norges Røde Kors har som den største investoren ikkje nulltoleranse for investeringar i selskap som lagar våpen, alkohol, tobakk eller porno.

Kirkens Nødhjelp garanterer at dei ikkje plasserer ei krone i selskap av denne typen. Det kjem fram i ei undersøking NorWatch har gjort.

Av dei ti humanitære organisasjonane som Norwatch har sett på, er det fem som investerer i aksjar: Norges Røde Kors, SOS-Barnebyer, Redd Barna, Flyktninghjelpen og Kirkens Nødhjelp.

Til saman har dei plassert rundt en halv milliard kroner i aksjar, men berre to av dei, Røde Kors og Kirkens Nødhjelp, har utvikla retningsliner for investeringane, og Røde Kors meiner det er greit at fondsforvaltarane kan operere med både våpen, porno, tobakk og alkohol så lenge dei kontroversielle aktivitetane utgjer mindre enn ti prosent av den totale omsetninga.

«Verstingen» i oversikta er Flyktninghjelpen. Dei har mesteparten av aksjeinvesteringane sine i fond som ikkje er «etiske», og det er berre kort tid sidan dei kom i gang med å utvikle sine eigne etiske retningsliner.
Lyspunktet er at dei humanitære organisasjonane er meir opne om dei finansielle plasseringane og har større etisk fokus enn dei fleste andre investorar i Noreg, melder NRK. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving