Provosert og provoserande

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pink kysser gjerne kjæledyra sine på munnen, og meiner sjølv at det gjer godt for sjela.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dame som ikkje er redd for å seie frå - høgt og tydeleg. (Foto: pinkspage.com)Dame som ikkje er redd for å seie frå - høgt og tydeleg. (Foto: pinkspage.com)

Men ho hatar babes som ikkje vil noko anna enn å vere deilige.

Lei tomme hovud


«Tøff med folk, snill med dyr» kunne kanskje vere ein måte å beskrive den storkjefta artisten på.

Dei aller fleste har vel fått med seg korleis ho drit ut Paris Hilton, Britney Spears og andre av deira kaliber i videoen «Stupid Girls».

Ho har og uttrykt djup bekymring for kor lågt ambisjonsnivået til mange unge kvinner er, og ho er ikkje redd for å bruke sterke bilde og ord for å seie ifrå.

Dyrevenn


Like opprørt er ho for tida på dyra sine vegner. I april opna ho ein kampanje mot Kentucky Fried Chicken (KFC) for at kjeda skal påverke kyllingbøndene og slakteria slik at kyllingane skal bli betre behandla.

Kentucky Fried Chicken har terga på seg både Pink og Dalai Lama. (Foto: bilibuy.com)Kentucky Fried Chicken har terga på seg både Pink og Dalai Lama. (Foto: bilibuy.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kampanjen har fått namnet «Kick the Bucket». Kentucky Fried Chicken vert seld i små pappbøtter du gjerne har sett på filmar og seriar, og er på mange måtar ein nasjonalrett i USA.

Nettstaden Kentucky Fried Cruelty kan fortelje at kyllingane m.a. blir skålda i kokande vatn medan dei framleis er levande for at det skal vere lettare å ribbe dei for fjør.

Dopa fuglar


Det er dyrerettsorganisasjonen Peta som står bak aksjonen som Pink, Black Eyed Peas, Dalai Lama og andre kjendisar frontar.

heimesida si seier Pink at Kentucky Fried Chicken må modernisere slaktemetodane sine, slutte å koke fuglar levande og ikkje pumpe dei så fulle av vekstfremjande dop som gjer at kyllingane blir for tunge og svære til å kunne gå skikkeleg.

Hadde kattar og hundar blitt utsett for same behandling, hadde det vore forbode.

Eit tryne som formeleg ber om å bli kyssa? (Foto: inseparabile.com)Eit tryne som formeleg ber om å bli kyssa? (Foto: inseparabile.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Smask!


Sjølve er Pink og ektemannen, krosskøyraren Carey Hart, svært så dyreglade, og dei har fire hundar som kjæledyr. Etter som Daily Mirror fortel, får hundane særs god behandling.

Pink seier ho faktisk elskar å kysse på dei.

- Bulldoggar har så innetrykte tryne, så du berre må kyssa dei hardt, og så et dei opp fjeset ditt tilbake. Det er næring for sjela.

Litt tungekyss blir det visst og, men som ho seier :

- Det er med deira tunge, ikkje mi!

Meir i same sjanger:

Meir om kjendisar:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving