Jamie si italienske reise

Artikkelen fortsetter under annonsen

Danningsreiser var noko unge menn av betre familiar dreiv på med før i tida. Jamie Oliver tek opp tradisjonen - og utviklar smaken.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den populære TV-kokken Jamie Oliver er tilbake, no frå Italia. (Foto: Wikipedia)Den populære TV-kokken Jamie Oliver er tilbake, no frå Italia. (Foto: Wikipedia)

Jamie Oliver let den italienske landsbygda gjere han til eit betre og modnare menneske - og ein betre kokk.

God smak


På søndag får vi eit gjensyn med den avslappa og samtidig engasjerte kokken Jamie Oliver. No skal han gjennom seks program vise oss rundt i det kulinariske Italia.

I den første episoden reiser han gjennom Frankrike, før han tar båt til Palermo på sydspissen av Sicilia.

Tek over grill


Her blir den sprudlande kjekkasen verande ei vekes tid mens han lagar noko som i TV Norge si beskriving av programmet vert kalla «gatemat». Dette fører til at han til slutt tar over ein lokal grill på den nattlege matmarknaden i byen.

Jamie reiser rundt i Italia i ein bubil for å la seg inspirere av urgamle mattradisjonar. Han reiser utanfor allfarveg, til det verkelege Italia, og treff folk som har oppskrifter som har gått i arv i generasjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fazoletti er ein av rettane Jamie lærer deg å lage, på ekte italiensk manér - med Jamiesnert. (Foto: Jamieoliver.com)Fazoletti er ein av rettane Jamie lærer deg å lage, på ekte italiensk manér - med Jamiesnert. (Foto: Jamieoliver.com)

Tradisjon med Jamie-snert


Som vanleg brukar han det han finn til å komponere dei lekraste retter, basert på tradisjonen, men med Jamie-snert.

Spørsmålet er om italienarane likar at han køddar med tradisjonane deira? Eg trur nok han greier å sjarmere dei i senk, slik han har sjarmert oss. Og at vi får inspirasjon til å lage noko godt sjølve.

Prøv sjølv


Det blir ikkje heilt som i Italia, eller heilt som når Jamie gjer det, men oppskriftene hans har ein tendens til å vere moglege å få til for vanlege dødelege.

«Jamie Olivers Italia» (Jamie's Italian Job aka Jamie's Great Italian Escape) kan du sjå på TV Norge klokka 21 dei neste seks søndagane, med premiere 21. mai. Reprisen går på laurdagane. På søndag er programmet slutt klokka 21.30.

Les meir på nettet:

Les meir i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving