Ete eple om natta
Høyrest ikkje det fint ut? Det var ein kollega av meg som beskreiv ein god augneblink i livet på den måten.
Mental påfyll
Kurt Johannessen trur eg har tenkt mange slike tankar. Anar du ikkje kven han er? Kurt Johanessen er kunstnar og har gjeve ut nokre små og smale bøker kalla «Øvingar» og «Andre øvingar».
Øvingane fortonar seg t.d. slik: «Sjå på skyene. Kjenn etter om du har rusk mellom tærne.»
Det var altså alt som stod på den sida. Dette er forresten ikkje ei bokmelding. Eg tenkjer berre at når nokre har tenkt så mykje lurt og vekkjer så mange drøymer i oss om Johannessen gjer i desse rare bøkene, så fortener det å bli sagt høgt.
Enkle gleder
For alt han skriv om her, let seg gjere: «Ta ein tur i svømmebassenget. Ha fisk til middag etterpå.» Har me ikkje symjebasseng nær oss, kan me kanskje gå på stranda. Eller i badekaret?
Ha tid
Det er jo denne tida, då. Me har det så travelt, me har det. Eller? Kva gjer me på natta, til dømes? Ja, eg veit at dei fleste søv si høgst fortente søv, eller jobbar nattskift kanskje. Men kva med å setje på vekkjarklokka ei natt i halv fire-tida?
«Stå opp midt på natta, spis to grønne eple og les eit eventyr.»
Ei natt, berre ei natt. Me greier då å ta att den søvnen?
I dag er dagen
Det kan jo vere at nett du som les dette sjølv har nokre små, stille draumar om ting du har lysst til å gjere. Noko du tenkte på ein dag du hadde vind i håret og litt god tid.
Det kan i så fall vere at akkurat no er tida for å gjere det.
Her er ein tanke til:
«Gå ut. Lag eit papirfly.
Kast det.
Kast det igjen frå den staden det landa,
i den retninga det peika.
Gjenta, gjenta, gjenta…»
Tekstane er henta frå «Øvingar» og «Andre øvingar», utgitt på ZETH forlag i 1994 og 2001.
Heimesida til kunstnaren Kurt Johannessen.
Oppskrift på papirfly.
Meir om kultur i Neste Klikk finn du her og her . Kunst og kultur er og ein eigen kategori på Startsida.
Les meir nynorsk i Neste Klikk: