Russefeiringa betre enn ryktet sitt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Synest du det er teit og trist med fulle ungdommar som kryp rundt på gata? Det kan verke meiningslaust, men russefeiringa har sine positive sider.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Russefeiringa er absolutt noko positivt, meiner forskar Stephen Dobson ved Høgskulen i Lillehammer. (Foto: Oslo Katedralskole)Russefeiringa er absolutt noko positivt, meiner forskar Stephen Dobson ved Høgskulen i Lillehammer. (Foto: Oslo Katedralskole)

Den engelske forskaren Stephan Dobson, som er førsteamanuensis pedagogikk ved høgskulen i Lillehammer, har lenge vore fascinert av framferda til norske avgangselevar.

- Rett før dei skal gjennomføre dei viktigaste eksamenane sine, tar ungdommane seg ein kjempefest. Det syntest eg var veldig rart - og svært spennande, seier Dobson til NTB.

No har han studert russefeiringa gjennom å følgje ein russegjeng i over eitt år. Og konklusjonen hans er at russen er betre enn ryktet sitt. Dobson meiner at dei positive verknadene av feiringa er langt større enn dei negative, særleg ut frå eit pedagogisk perspektiv.

Nøye planlagt


- Vi oppdaga at russen byrja å planleggje feiringa veldig lenge før det faktisk skulle skje. Deretter jobba dei saman for å kjøpe bil, pusse han opp, skaffe pengar og gjennomføre alt anna dei skulle. Festinga er slett ikkje noko spontan normlausheit, men tvert imot ei nøye planlagt normlausheit.

Dobson meiner at russefeiringa er positiv sjølvutvikling for ungdommen, og eksporterer gjerne ideen til sitt eige heimland, England.

- Ein skikkeleg fest og markering av denne viktige overgangen i livet hadde vore svært positivt, seier forskaren.


Kjelde:


Meir på nettet:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving