Picasso-bilete selt for 586 millionar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hele 586 millionar kroner la ein ukjent kjøpar på bordet for å sikre seg Pablo Picassos måleri «Dora Maar med katt» under ein auksjon i New York onsdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: news-antique.com)(Foto: news-antique.com)

New York (NTB-AFP): Verdsrekord blei det ikkje, ettersom den spanske kunstnaren sitt bilete «Gutt med pipe» gjekk under hammaren for heile 641 millionar kroner i mai 2004.

«Dora Maar med katt» blei måla i 1941 og er eit portrett av kvinna som seinere blei Picasso si elskerinne.

Bildet er eitt av Picasso sine mest kjende og blir rekna som så ettertrakta at auksjonshuset Sotheby's ikkje eingong drista seg til å kome med noko prisantyding før auksjonen på onsdag.

Tysdag blei Picasso-biletet «Kvila» selt for 213 millionar kroner hos auksjonshuset Christie's i New York, mens prisantydninga var på mellom 90 og 120 millionar kroner.

Måleriet «L'Arlesienne, Madame Ginoux» av den nederlandske kunstnaren Vincent van Gogh gjekk under hammaren for 248 millionar kroner under samme auksjon. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving