Målfolket siktar mot nye hundre

Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter hundre år i strid ser målfolket stadig optimistisk framover.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Odd Nordstoga song hiten om grisen, og målfolket song med. (Foto: Wikipedia)Odd Nordstoga song hiten om grisen, og målfolket song med. (Foto: Wikipedia)

I helga som var, slo Noregs Mållag på stortromma og laga hundreårsfest i Oslo. I tillegg til festing og moro kunne også målfolket få med seg mange positive signal for vegen vidare.

Jubileumshelga var også landsmøtet til mållaget, og såleis vart det rom for både politiske drøftingar, helsingar og heider, dans og moro.

Motorpsycho


Fredagskvelden var det festframsyning i ein fullsett sal i Det Norske Teatret, med alt frå Motorpsycho (på nynorsk) til Jeppe på Berget. Her var kjendisfaktoren høg i teaterbaren etterpå, der ikkje minst Odd Nordstoga tiltrekte seg blitslampene. Det er truleg fyrste gongen mållaget har delt ut brosjyrar med verveslipp som skulle leverast i baren.

Dansen høyrer med på ein mållagsfest. (foto: Øystein Skjæveland)Dansen høyrer med på ein mållagsfest. (foto: Øystein Skjæveland)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lae på nynorsk


Laurdag kveld var det festmiddag i den store salen i rådhuset i Oslo, med høg bunadsfaktor. Byrådsleiar Erling Lae (H) var vert, og helsa målfolket på prikkfritt nynorsk.

Seinare vart både Berge Furre, Audun Heskestad og Marie Lovise Widnes utnemnde til heidersmedlemer i laget, og sistnemnde kvitterte med å spontanframføra sin eigen schläger «Gangdøra». Og så var det dans, sjølvsagt.

Målstrid i Hellas


Men som sagt var det rom for politisk diskusjon også. Professor Frank Aarebrot tala til landsmøtet og samanlikna den norske målreisinga med målstriden i Hellas. Der vann dialektspråket fram og vart einaste riksmål i 1976, og Aarebrot meinte den norske målrørsla kunne ha noko å læra.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Noregs Mållag har slåst for norsk mål i hundre år, og går optimistisk laus på dei neste hundre. (ill.: Noregs Mållag)Noregs Mållag har slåst for norsk mål i hundre år, og går optimistisk laus på dei neste hundre. (ill.: Noregs Mållag)

Mellom anna meinte han det lønte seg å stilla klåre politiske krav, å unngå å samla seg i eigne kulturelle ghettoar og å halda ei fast og einskapleg språkform.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skarheim tek ansvar


Direktør Petter Skarheim i Undervisningsdirektoratet tala til møtet laurdag, og hadde med seg mykje som mållaget likte å høyra. Han understreka at i staten sin utdanningspolitikk var det udiskutabelt at nynorsk og bokmål var jamstilte, men vedgjekk at dei reelle rettane til nynorsken likevel ikkje er på plass.

- Men det vil eg personleg arbeida hardt for å gjera noko med, sa direktøren.

Nynorsken i skulen skal sikrast reelt, ikkje berre formelt, lova direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet. (foto: Øystein Skjæveland)Nynorsken i skulen skal sikrast reelt, ikkje berre formelt, lova direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet. (foto: Øystein Skjæveland)

Mellom anna skal alle som får offentlege pengar til informasjonsmateriell i skulen bruka ein viss del nynorsk, sa han. Direktoratet vil også pressa på for å få dei nynorske lærebøkene ut tidsnok, noko det ofte manglar mykje på.

Meir kjennskap = betre haldningar


Skarheim ville også arbeida for å gjera undervisninga i nynorsk sidemål betre. Eitt tiltak kan vera å byrja med dette tidlegare, etter som dette viser seg å betra både haldningar og kunnskapar.

Og så reiste målfolket kvar til sitt for å ta fatt på nye hundre år.
Les meir på heimesida til Noregs Mållag

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving