Målblomen til ANB og Blåmann

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blåmann Barnebokklubb og Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) fekk heider og ære på landsmøtet i Norges Mållag i helga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: blamannbok.no)(Foto: blamannbok.no)

NPK: Begge fekk Målblomen 2006 som prov på takksemd og begeistring i målrørsla.

Den nynorske barnebokklubben kom i stand i 2001.

- Blåmann Barnebokklubb får Målblome 2006 av Noregs Mållag fordi vi treng dykk og fordi vi vil at de skal forsetje å gje ungar i heile landet tilgang på verdas beste barnebøker, sa Anne Marit Godal, styremedlem i Noregs Mållag, då ho overrekte målblomen til bokklubbredaktør Erle Stokke.

Det var fleirtalet i Stortinget som løyvd pengar til oppstart av ein nynorsk barnebokklubb. Medan det var Samlaget som stod for etableringa av barnebokklubben.

Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) får Målblomen fordi dei nyleg etablerte ei eiga nynorskteneste for lokalavisene.

- Eg har den store gleda av å dele ut ein av dei to målblomane på landsmøtet til ANB,- ANB er eit av tre store norske nyhendebyrå til lokal og regionale media, og tilbyr ei rekkje tenester. Det som er nytt og avgjerande for denne prisen er at ANB no tilbyr nynorsk-tenester til lokalaviser. Det er svært prisverdig at ANB vil tilby tenester på nynorsk, sa Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag til landsmøtet.

Dette er med på å gjera nynorsken synleg. No håpar me at den gledelege utviklinga i ANB kan vere med å velte andre bokmålsmonopol. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving