Barn vel venner framfor TV

Skandinaviske barn er minst opptekne av TV i Europa, viser ei ny undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: vegsource.com)(Foto: vegsource.com)

(NPK): Dei nordiske barna er meir opptekne av å bruke tid på venner og idrett, samanlikna med andre europeiske barn.

Medan over 40 prosent av dei spanske barna har TV-titting som førsteval på fritida, er det berre i underkant av 18 prosent som seier det same i Noreg.
15 prosent av dei norske barna vil helst bruke tid med venner.

Til samanlikning er det berre litt over 5 prosent av polske barn som helst vil bruke fritida saman med venner. Det er dei norske og svenske barna som likar best å drive med idrett, fortel Aftenposten.no.

Undersøkinga er gjort av TV-kanalen Jetix (tidlegare Fox Kids) blant 5000 europeiske barn i alderen 7- 14 år. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy