«Mannen uten minne» - fantastisk finsk film

Viss du ikkje kjenner filmane til Aki Kaurismäki frå før, har du sjansen til å få eit betre, rikare og litt finskare liv frå og med laurdagskvelden.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kati Outinen som frelsesarmesoldaten Irma, og Markku Peltola som den uheldige mannen som ikkje veit kva han heiter. (Foto: ceskatelevize.cz)Kati Outinen som frelsesarmesoldaten Irma, og Markku Peltola som den uheldige mannen som ikkje veit kva han heiter. (Foto: ceskatelevize.cz)

På laurdag kan du bli kjend med den fantastiske finske filmskaparen Aki Kaurismäki. Viss du kjenner han frå før, veit du at du blir nøydd til å sjå «Mannen uten minne» (Mies vailla menneisyyttä). Du vil ikkje glipp av det dystre, tause, men poetiske Kaurismäki-universet.

Farleg å sove i parken


I «Mannen uten minne» møter vi ein mann som kjem til Helsingfors midt på natta. Han legg seg til å sove i nærmaste park, der han blir angripen av tre bøller. Dermed misser han minnet, og har verken identitet, pengar eller papir.

Skranglete søtt


På ein suppestasjon møter han ein kvinneleg frelsesarmésoldat, og det oppstår etterkvart ein slags søt musikk. Så skranglete søt som musikken kan bli i ein Kaurismäkifilm.

Leningrad Cowboys


Aki Kaurismäki har laga 31 glitrande gode filmar, som «Juha» (2001) og «I hired a contractkiller» (1990), men dei mest kjende er kanskje dei crazy forteljingane om Leningrad Cowboys.

Få med deg denne godbiten på NRK2 klokka 21 på laurdagskvelden. Filmen varer til kl 22.35.

Les meir på nettet:

  • Om Mannen uten minne hos NRK

    og VG

Meir om film i Neste klikk


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy