Microsoft med XP på nynorsk

For to år sidan måtte Microsoft bøye seg for kravet om å levere programpakka Office på nynorsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Microsoft)(Foto: Microsoft)

(NPK): Denne veka gratulerer selskapet Noregs Mållag med 100-årsmarkeringa ved å introdusere operativsystemet Windows XP på nynorsk, slik dei lovde i 2002.

Samstundes får brukarar av Word og Office ei ny nynorsk synonomordliste, Ordrik, som er utvikla av Nynodata. Synonymordboka skal gjere det lett å finne nynorske synonym, og ho skal også kunne hjelpe bokmålsbrukarar til å finne nynorske omsetjingar av bokmålsord.

Nynorsk er ikkje åleine om å ha vorte inkludert i programvarepakkene til Microsoft etter pågåande klaging dei siste åra.

Selskapet har for lengst avgjort at produkta deira skal omsetjast til rundt 40 språk i tillegg til dei opphavlege 40, til dømes walisisk, katalansk, bahasa og - nynorsk. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving




Personvernpolicy