Yndlingsplassen: Retten til ein eigen heim
Ebba Moi er kunstnar, og har god bruk for nettet i jobben sin og til å halde kontakten med gamlelandet Sverige. (Foto: Privat)
Den svenske kunstnaren Ebba Moi bur i Oslo med mann og to barn. Sidan ho var ferdig utdanna ved kunstakademiet i Trondheim i 2000 driv ho kunstprosjektet
New Meaning
saman med kollegaen Gry O. Ulrichsen.
Dei har jobba for å gje unge med fleirkulturell bakgrunn ein stemme i det offentlege rommet. Desse stemmane har kome til uttrykk gjennom eit magasin, internettradio, spel, utstillingar og liveshow.
- Fortel litt om ditt forhold til nettet
- Eg brukar mykje epost og internett i jobben min som kunstnar. Eg bur i Oslo og samarbeider med Gry O. Ulrichsen som bur i Trondheim. Ved hjelp av internettet fungerer det bra.
- Kva er det beste med nettet?
- Nettet gjer at eg kjenner meg nærmare heimlandet mitt, Sverige.
Snyggast.se og deiligst.no er det verste med nettet, synest Moi.
- Kva er det verste med nettet?
snyggast.se
og
deiligst.no
og sånne stader der unge sett poeng på utsjånad og bidreg til at unge kjenner seg verdifulle eller mindreverdige ut frå overflatiske ting som utsjånad og kropp.
- Kva er favoritt-nettstaden din for tida?
- Föreningen Ja!
er eit svensk kunstfeministisk prosjekt som er bra!
- Og
LARM
, som jobbar for å løfte fram og dokumentere kvinner si verksemd innan
Föreningen Ja! er eit svensk kunstfeministisk prosjekt.
lydkunst i Norden. Ellers er eg ofte på
kunstkritikk.no
,
konsten.net
og
kopenhagen.dk
, det er interessant å følgje med på kva som skjer på kunstscena i Norden når eg ikkje kan reise og sjå sjølv.
- Kva er favoritt-nettstaden din gjennom alle tider?
-
SRC
, som er ein eksperimentell internettradio laga av Sveriges Radio. Der finst ein skatt av interessant, morosam, alvorleg, vakker lydkunst og
SRC er ifølgje Moi ein skatt av interessant, morosam, alvorleg, vakker lydkunst og reportasjar.
reportasjar laga først og fremst av nordiske kunstnarar, men også av alle moglege andre som er interesserte i radio. Der finst alt ein kan tenkje seg. Akkurat no er sida under omkonstruering, men heile arkivet er der, sjølv om det kan verke litt kaotisk.
- Kor på nettet er du kvar dag?
- Eg må alltid høyre på
Sveriges Radio P1
på nettradio, og lese svenske
Dagens Nyheter
.
LARM: Lydkunst av nordiske kvinner.
- Omtrent kor mykje tid brukar du på nettet kvar dag?
- Eposten ser eg på kontinuerlig til og frå, ellers så surfar eg 1-2 timar og ikkje kvar dag.
- Kan du forestille deg ein dag utan Internett? Kva ville du ha gjort då?
- Det kan eg veldig godt forestille meg. Sånne dagar blir fridagar, då går eg ut eller er heime og slappar av eller vaskar.
På Dagens Nyheter får Moi nyhende frå Sverige.
- Har du gjort deg opp nokre tankar om det digitale klasseskiljet?
- Ja. Eg har jobba med kunstprosjektet
New Meaning
ei stund, der samarbeider vi med unge med fleirkulturell bakgrunn. Vi har laga fleire internettprosjekt, men det viser seg at mange av dei som er med ikkje har moglegheit til å sjå på det vi har gjort. Samstundes merker eg at mange brukar internett til å halde kontakt med heimlandet sitt. Så klasseskiljet ligg ikkje i internett i seg sjølv men i kva grad det trengst høg teknisk kunnskap og breiband for å ta del i prosjekta.
På Kopenhagen.dk kan du finne ut kva som skjer på den danske kunstscena.
- Er nettet sosialt eller usosialt?
- Eigentleg er det usosialt, då eg skreiv vanlege brev og ikkje epost som eg gjer mest no, så tok eg meg meir tid og var meir personleg. Pc-en gjer også at ein blir meir fjern frå relasjonane ein har nærme seg, det som faktisk skjer der ein er her og no.
- Har du din eigen nettstad?
- Ja, det sosiale kunstprosjektet
New Meaning
har ein heilt ny nettstad med arkiv over det vi har gjort sidan
New Meaning gir unge med fleirkulturell bakgrunn ein stemme i det offentlege rommet.
starten i 2000. Dei siste åra har vi laga internettradio.
New Meaning Radio
, del ein produserte vi i samarbeid med SRC. Temaet var familien. Det handlar om lengten etter ein familie som er langt borte, om kollisjonen mellom verdiar og tradisjonar i familien og det som eksisterer i samfunnet, og om menneskes rett til å ha ein eigen heim.
- New Meaning Radio del to
laga vi i samarbeid med NRK Ulyd. Der handlar det blant anna om trangen til å sjå likskapane i ulikskapane, om trua på
New Meaning har laga ein nettradio om familien.
kreativitet som overlevingsstrategi, om å finne styrke i kvardagen og om å drøyme seg bort. Bidragsytarane har hatt moglegheit til å bruke sitt eige morsmål og publikum kan følgje med på norsk, engelsk eller svensk oversetting på skjermen.
Les meir i Neste Klikk:
Yndlingsplassane til
Espen Sommer Eide,
Mattias Thronsen , Alexander Rishaug , Jorann Abusland , Per Platou
,Hilde Corneliussen
,
Pål Dimmen
,Jill Walker og
Solveig Marie Smedstad.
Bokmålsredaksjonen har også
nett-tips å by på