Opera er folkekultur

Artikkelen fortsetter under annonsen

På Nordfjordeid i Sogn og Fjordane bryr dei seg ikkje om stengetider når dei skal lage opera. Dei tar skylappane på og durar i veg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når lokale krefter dreg i lag med internasjonale stjerner, blir det bra, er erfaringa frå Opera Nordfjord. (Foto: operanordfjord.no)Når lokale krefter dreg i lag med internasjonale stjerner, blir det bra, er erfaringa frå Opera Nordfjord. (Foto: operanordfjord.no)

I 1998 blei «Flaggermusen» av Johan Strauss sett opp i Nordfjord. Eit prosjekt som mange var kritiske til, blei ein suksess, og dei fire framsyningane var utselde.

Opera for folket


- Der beviste vi at opera ikkje er nokre fine greier for fine folk, men tvert i mot folkekultur, sa operasjef Kari Standal Pavelich under konferansen «Når språk blir makt» i helga.

Etter den første produksjonen, som hadde involvert eit stort tal frivillege, hadde verken Pavelich eller alle dei frivillige som hadde vore med lyst til å late det bli med det.

Operasjef Kari Standal Pavelich durar i veg mot nye produksjonar. (Foto: Einar Schibevaag)Operasjef Kari Standal Pavelich durar i veg mot nye produksjonar. (Foto: Einar Schibevaag)



Ein i året


Det blei «La Traviata» året etter, med 6 framsyningar. Sidan har operaen sett opp ein produksjon i året. I år set dei opp «Eugene Onegin» av Tsjaikovsky, som i tillegg til premieren 18. oktober, blir vist sju gonger.

Opera Nordfjord er mogleg ved hjelp av eit omfattande dugnadsapparat som kan snekre, sy, sminke osb. Etter kvart har dei bygd seg opp eit flott kostymelager, og folk i Nordfjord er stolte av operaen sin.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Folk elskar opera


- Plutseleg er folk interesserte i opera, og dei har ein kjennskap til det, som gjer at dei oppsøker opera også når dei er på reise andre stader.

Operaen har eit eige operakor der psykiaterar, hjelpepleiarar og brannmenn syng i lag. Det har til og med vore aktuelt for folk å flytte til Nordfjord fordi dei har eit operakor der, fortel Standal Pavelich stolt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Barn og ungdom


Det har også vore satsa på å dra med barn og ungdom i produksjonane. Barnekor, dansegrupper, videregåande skular og ballettskule har vore med i fleire produksjonar.


Noregs einaste livkjolefabrikk


Rekvisittane blir henta frå lokalmiljøet. Bestefar sin gamle stol kjem plutseleg til nytte, ei sitronflaske blir gullmala og vips har ein eit septer av ekte gull. Det er heller ikkje noko ulempe å ha Noregs einaste livkjolefabrikk i nabolaget når ein skal lage opera.

Men sjølv om mykje blir gjort på dugnad, er det kunsntarlege nivået høgt, og det har heile tida blir satsa på kvalitet. Det vert henta inn stjerner frå Metropolitan i New York og La Scala i Milano, proffesjonelle musikarar, scenografar og designarar.

Det set publikum pris på, og songarane står i kø for å få vere med, fortel operasjefen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje lov å sutre


Standal Pavelich si oppskrift for å få det til, oppsummerer ho slik:
- Det er ikkje lov til å sutre, vi skal fikse alt. Stengetider er ikkje noko hindring for ei bygd som Nordfjord.

Ta på skylappane og dur i veg


Dessutan har ho i operaarbeidet hatt nytte av å ta på seg skylappane og berre dure i veg, og ikkje ta hensyn til velmeinande råd om å ta det litt med ro.

Slik har Opera Nordfjord blitt eit fyrtårnprosjekt som både fylket og Eid Kommune er stolte av og viser fram så snart dei får høve.

Les meir på nettet:


ABC Startsiden:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving