TV-helga: Marilyn og pandaspionen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Spionar er ikkje berre menn med høg frakkekrage og mørke briller. Også bjørnar kan spionera.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du forviten på kva desse bjørnane eigentleg driv med når ingen ser dei? Då gjer du berre slik: Heng eit mikrokamera på ein av dei og send han inn att i bjørneflokken.

No har forskarane smugla mikrokamera inn i pandaflokken. (foto: nationalzoo.si.edu)No har forskarane smugla mikrokamera inn i pandaflokken. (foto: nationalzoo.si.edu)


Men dersom du ikkje har hang til slik risikosport eller det skortar på bjørnar i nabolaget ditt, kan du i staden ta ein kikk på NRK2 fredag kveld 20.05. Der har dei alt gjort det for deg.

I klassisk BBC-dokumentar-stil får du sjå korleis bjørnespionane hjelper forskarane til å få meir innsikt i liva til både pandaer, isbjørn og svartbjørn. Og det er jo litt tryggare enn å prøva det sjølv.

Orwell i Spania


Ein annan britisk dokumentar finn du tidlegare på kvelden på same kanalen. Den britiske forfattaren George Orwell, som mellom anna skreiv dei satiriske bøkene «Kamerat Napoleon» og «1984», var ein stridsmann bådde i ord og handling.

Han slåst med venstresida mot fascistane under borgarkrigen i Spania, men stod også opp mot Stalin og kommunismen hans. Framleis i dag er Orwell omstridd. Spørsmålet er om framtidsvisjonane hans slo til eller ikkje, og det kan du få vita meir om 16.05 på NRK2.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sigøynarorkester i kjellaren


Er du seint oppe fredagskvelden, har du ei fin avslutning på TV2 ved midnatt. Den norske filmen «Musikk for bryllup og begravelser» handlar om den nyskilde forfattaren Sara (Lena Endre), som leiger ut kjellaren til ein jugoslavisk flyktning (Goran Bregovic). Han er musikar, og dreg snart eit heilt sigøynarorkester inn i livet til Sara. Og i huset hennar. Filmen er frå 2002, og det er Unni Straume som har regien.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjå Marilyn Monroe i forviklingskomedien «Some like it hot» laurdagskvelden. (foto:Sjå Marilyn Monroe i forviklingskomedien «Some like it hot» laurdagskvelden. (foto:


Speidarmimring


Laurdag kan gamle speidarar mimra om doble halvstikk, gapahuk og primus, medan dei yngre kan la seg inspirera. Den nye dokumentarserien for born, «Alltid beredt», fylgjer fire speidarpatruljar på vegen mot landsleiren. Så spørst det kven som er best budde av «Bjørn» og «Gaupe» frå Bergen, «Hare» frå Bærum og «Ekorn» frå Oppegård. NRK1 18.30.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fjortis Grand Prix


Seinare på kvelden er det meir for same aldersgruppa i NRK1. Melodi grand prix junior trekkjer nok mange av fjortisane mot skjermen. I to omgangar skal det kårast ein vinnar blant dei ti deltakarane frå ni til femten år. Fyrste omgang går klokka 19.55, medan superfinalen med fire finalistar byrjar 21.20.

Marilyn-komedie


Marilyn Monroe kan du få med deg når det går mot midnatt, i klassikaren «Some like it hot» («Noen har det hett»). I denne forviklingskomedien må to arbeidslause musikarar kle seg ut som kvinner for å koma unna slemme gangsterar, og får plass i eit kvinneleg jazz-orkester. Med Jack Lemmon, Tony Curtis og Marilyn Monroe.

Bikkjebyen


Filmen «Dogville» av Lars von Trier sorterer ikkje under sjangeren romantisk komedie.Filmen «Dogville» av Lars von Trier sorterer ikkje under sjangeren romantisk komedie.

Marilyn-filmen overlappar i tid med danske «Dogville», som byrjar på TV2 kl 00.15. Denne filmen frå 2003 av Lars von Trier har Nicole Kidman i hovudrolla som Grace. Ho er også på røming, og innbyggjarane i byen ho kjem til hjelper henne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men etter kvart som nettet snører seg saman rundt Grace og ho vert stadig meir desperat, byrjar innbyggjarane å utnytta henne, kvar på sin måte. Dette er altså ikkje ein koseleg romantisk komedie. Filmen har også Lauren Bacall i ei av rollene.

Eventyr i Egypt


Skattejakt i Egypt er temaet i dramadokumentaren på NRK1 klokka 20.00 sundagskvelden. Dei mange nedgravne skattane frå gamalegyptisk tid lokka mange europearar til landet rundt Nilen på 1800-talet.

Ikkje alle var like heiderlege, og det får også kveldens hovudperson Giovanni Berzoni merkja. Det var han som fann grava til farao Seti I, som såg heilt ny-dekorert ut då dei opna grava.

Dette er den fjerde av seks episodar i denne serien. I dei to siste episodane kan du læra meir om dei gåtefulle egyptiske hieroglyfane og korleis ein kan tyda dei.

Grava til farao Seti I var i overraskande bra stand då italienaren Berzoni fann henne tidlegpå 1800-talet. (foto: www.touregypt.net)Grava til farao Seti I var i overraskande bra stand då italienaren Berzoni fann henne tidlegpå 1800-talet. (foto: www.touregypt.net)

Artikkelen fortsetter under annonsen


Røvarspråket i Mandal


Etter gravrøvinga i Egypt kan du læra om røvarspråket «smoi» frå Mandal som mandalittane fann opp for snart 100 år sidan. Kvifor? For å irritera kristiansandarane, sjølvsagt, så dei ikkje skulle skjøna kva som vart sagt.

Petter Schjerven undersøkjer om røvarspråket framleis finst, på «Typisk norsk» på NRK1 klokka 20.50. Me får tru at det er teksta.

Foppal


Elles er jo sundagen dagen for fotball, og fotballen er framleis rund. Det er tredje runde i Tippeligaen, og Vålerenga og Rosenborg møtest på Ullevål stadion. Det ser du på TV2 klokka 19.55. Øyvind Alsaker og Nils Johan Semb kommenterer.

Og ikkje gløym å ta ein tur utandørs innimellom fjernsynsøktene! Der ute går det for tida eit spanande program med knoppsprett og fuglesong og varm vårsol. (I alle fall om ynskjereprisen slår til.)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving