Ismeskulen: Nepotisme

Både familiane Kennedy og Bush har blitt skulda for nepotisme. Det handlar om å favorisere sine eigne i ismeskulen denne gongen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

George Bush sine to søner Jeb (t.v.) og George W har gode jobbar. (Foto: Whitehouse.gov)George Bush sine to søner Jeb (t.v.) og George W har gode jobbar. (Foto: Whitehouse.gov)

Nynorskordboka definerer nepotisme som «det å gje særføremoner til slekt eller vener til dømes ved tilsetjingar».

Bror min er svært flink


Viss du eig ei bedrift og gir ein jobb direkte til dottera di, er du såleis per definisjon ein nepotist. Det same kan ein truleg seie dersom du direkte eller indirekte sørgjer for at nære slektningar av deg oppnår økonomisk vinst i ulike samanhengar.

Nok er nok


Frå gammalt av er det særleg kyrkja og styresmaktene som har vore kjende for å drive med nepotisme.

Pave Innocent XII meinte det blei for mange pave-slektningar høgt på strå i kyrkja, så han laga ein lov som forbaud det. (Foto: popmatters.com)Pave Innocent XII meinte det blei for mange pave-slektningar høgt på strå i kyrkja, så han laga ein lov som forbaud det. (Foto: popmatters.com)

I den katolske kyrkja gjekk det så langt at pave Innocent XII i 1692 kom opp med ein lov som avgrensa pavar til å utnemne berre ein slektning til høge embete.

JFK og George W Bush


Også i det politiske landskapet finn ein nepotisme brukt i større eller mindre grad. Familien Bush, m.a., er kjend for å ta vel hand om sine eigne.

Noverande president Bush er son av ekspresident Bush og bror til Jeb Bush, som er guvernør i Florida. George W. Bush har også fleire gonger blitt skulda for å utnemne vener og kjende til høge stillingar.

Også den tidlegare presidentfamilien Kennedy har vore skulda for å halde kvarandre i arbeid.

Schwarznegger hadde kanskje ikkje blitt guvernør viss ikkje kona var ein Kennedy? (Foto: hollywood.com)Schwarznegger hadde kanskje ikkje blitt guvernør viss ikkje kona var ein Kennedy? (Foto: hollywood.com)

Alliansen Maria Shriver Kennedy og Arnold Schwarznegger blir ofte halde fram som eit døme på kva nære familiekontaktar kan gjere for ei karriere.

Tilsette sonen


For å bli enno meir konkret: Mediemagnaten Rupert Murdoch vart skulda for nepotisme for eitt par år sidan. Blant 200 søkjarar valde Murdoch å tilsetje sonen sin, James, som ny sjef for satellittselskapet BSkyB. Murdoch eig 35 prosent av aksjane i selskapet.

- Han var best kvalifisert, sa Murdoch om sonen, ifølgje ABC.net, medan mange av dei andre aksjeeigarane murra og ikkje var spesielt glade for det som skjedde.

Til og med mauren


Også mellom dyr kan ein finne nepotistisk framferd. I ein artikkel i New Statesman blir det vist til at maur slett ikkje er biologiens sosialist, slik ein har trudd. Forskning har nemleg vist at mauren favoriserer maur av same familie ved å forfordele dei i maten og ved å drepe maur som ikkje er av same familie.

Mauren gjer skilnad på slekta. (Foto: edb.miyakyo-u.ac.jp)Mauren gjer skilnad på slekta. (Foto: edb.miyakyo-u.ac.jp)

Vanleg i showbiz


Svært utbreidd, men kanskje mindre kontroversiell enn i politikken, er favoriseringa i underhaldningsbransjen.

Det er ikkje uvanleg at foreldre held ungane under sin beskyttande vengjer og gjer dei roller i filmane sine, hjelper dei med platelansering, opnar bokmarknaden for dei osb.

NYPD Blue


Journalist Richard Reeves fortel dette om den polsk-amerikanske TV-produsenten Steven Bochco:
- Steven seier at Bochco tyder nepotist på polsk. Og det med rette.

Bak serien NYPD Blue står produsent Steven Bochco og familie. (Foto: img.timeinc.net)Bak serien NYPD Blue står produsent Steven Bochco og familie. (Foto: img.timeinc.net)

Viss du googlar Steven Bochco, vil du finne at han er ein av skaparane av NYPD Blue. Som medprodusentar av serien finn du Jesse Bochco, sonen hans.

- Og på enkle episodar er Dayna Kalins Bochco og med og produserer. Ho er gift med Steven og stemor til Jesse, seier Reeves.

Somme meiner tydelegvis det er greitt å halde det i familien.

Er det så farleg?


Men er no nepotisme positivt eller negativt?

Viss eg er den best kvalifiserte for jobben på fabrikken, og eg bur i eit bittelite samfunn kor det er langt mellom faglært arbeidskraft, er det då så gale at eg får jobben sjølv om mor mi er fabrikkeigaren?

Kor mykje kontroll har me med det som skjer der makta sit, viss makta vert fordelt mellom ei elite av folk som kjenner kvarandre og er i slekt?

Kva meiner du?

Har du forresten ein isme du vil me skal skrive om? Send ein epost.

Isme = teori, ideologi eller doktrine. Endinga blir ofte brukt i nemningar av retningar innan politikk, religion, litteratur, kunst osb.

Kjelder:


Tidlegare i ismeskulen:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy