Ludvig 16. rehabilitert av eigen bøddel

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frankrikes kong Ludvig 16. vart etterlate lite ære etter at han vart avretta i guillotinen på Place de la Revolution i Paris 21. januar 1793. No gjev eit nyoppdaga brev frå bøddelen hans eit noko anna

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rykta og referata frå avrettinga som fann stad i kjølvatnet av revolusjonen i 1792, skildra «Louis den siste» som ein feiging. Avisa «Le Thermomètre du jour» skreiv at Ludvig 16. måtte trugast til skafottet med ein pistol mot tinninga, og at han i panikk skal ha skrike og bore seg og kjempa imot i møtet med guillotinen.

Det gjekk ein månad før bøddelen i Paris, Charles-Henri Sanson, skreiv til direktøren i avisa for å korrigere framstillinga. Sanson skreiv at han ville at «den eksakte sanninga om det som har skjedd» skulle fram og uttrykte stor vørdnad for måten Ludvig 16. møtte døden på.

I brevet fortel Sanson at alle som var til stades - stikk i strid med det som hadde vorte fortalt - var forbausa over kor roleg og fast kongen var i møtet med døden. Kong Ludvig skal også på høfleg vis ha hjelpt bøddelen av med kappa før han frivillig skal ha rekt hendene sine til bøddelen før avrettinga.

Brevet frå Sanson vart nyleg overlevert auksjonsbyrået Christie's i London frå ei anonym kjelde. Det historiske dokumentet er verdsett til mellom 80.000 og 120.000 pund. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving