Yndlingsplassen: Nettet gir og nettet tar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein begeistra nettnarkoman med allsidige interesser gir deg sine betraktningar om nettet, og viser deg yndlingsplassane sine.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mattias Thronsen er ein uhelbredeleg nettnarkoman, som til og med søv i lag med pc-en sin. (Foto: Privat)Mattias Thronsen er ein uhelbredeleg nettnarkoman, som til og med søv i lag med pc-en sin. (Foto: Privat)

Mattias Thronsen er masterstudent i humanistisk informatikk på Universitetet i Bergen. Han skriv oppgåve om elektroniske datanettverk som kunstnarlege utsmykkingar. Eit eksempel på ei slik utsmykking er Marius Watz sin «Tegnemaskin 1-12», som er dokumentert

her

.

- Fortel litt om ditt forhold til nettet.


- Eg er vel nærmast nettnarkoman. Heilt avhengig. Når eg ikke får vore på nettet minst to-tre gongar om dagen blir eg rastlaus og føler at eg går glipp av mykje. Og sjølvsagt hatar eg det litt og. Det stel utruleg mykje tid.

Ei teikning frå Marius Watz sin Tegnemaskin.Ei teikning frå Marius Watz sin Tegnemaskin.

- Eg hadde nok vore ferdig med studia for lenge sidan om eg berre hadde klart å bruke litt mindre tid på å rote rundt etter meir stoff til oppgåva mi. For der er jo selvfølgelig dilemmaet: Nettet gir og nettet tar. Det er utrulig mykje fint på nettet og masteroppgåva mi handlar jo faktisk om nettsider som utsmykking. Så ikkje noko nett, ikkje noko masterprosjekt...

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva er det beste med nettet?

- Som allereie sagt: den fantastiske mengda informasjon som er tilgjengeleg.

- Kva er det verste med nettet?


Underskog.no er ein ny nettverkslosje for underskogen av norsk kulturliv.Underskog.no er ein ny nettverkslosje for underskogen av norsk kulturliv.

- All den driten som også er der. Utruleg mykje ufine ting som eg helst ikkje vil tenkje på. I tillegg irriterer det meg når eg ikkje klarer å finne det eg er ute etter.

- Kva er favoritt-nettstaden din for tida?

- Eg er nyleg kome heim frå ein lengre seiltur i Indonesia utan nettilgang. Når eg så kjem heim viser det seg at nettverda mi er snudd på hovudet: Det har dukka opp eit nytt nettsamfunn som alle venene mine er med i, til og med dei som ikkje har eigen datamaskin og dagleg Internett-tilgang! Eg føler meg plutseleg veldig utdatert og utanfor. Og eg kunne ikkje uten vidare bli med, men måtte pent vente til nokre av venene mine fann det for godt å invitere meg. Absolutt ikkje bra for ein som vanlegvis er den som fortel alle dei andre om kva og kor på nettet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hardware.no, det er ein fin plass for ein nytteorientert dingsefrik.Hardware.no, det er ein fin plass for ein nytteorientert dingsefrik.

Staden er

Underskog

, og det er en blanding av ein kulturkalender, veners-venernettverk, diskusjonsstad og mykje mer. Alt er deilig fritt for reklame. No er eg heilt hekta. Er på ei evig jakt etter nye vener og bekjente som eg kanskje har mista kontakten med. Men det viktigaste med

Underskog

er likevel kalenderen. Ved at folk eg kjenner og stoler på anbefaler kva som er verd å få med seg får eg ei fin oversikt over alt det fine som skjer i byen eg bur i.

Bergens Tidende sin nettstad må Thronsen innom kvar dag.Bergens Tidende sin nettstad må Thronsen innom kvar dag.

- Kva er favoritt-nettstaden din gjennom alle tider?


- Hm... Vanskeleg. Eg er ganske nytteorientert og opptatt av dingsar, på den andre sida er eg også glad i bøker... Om eg må velje synst eg

Hardware.no

er ein fin plass for å finne informasjon om nye dingsar som kjem. Når eg skal kjøpe noko nytt elektronisk utstyr eller skal anbefale noko til andre sjekkar eg alltid denne nettstaden. I tillegg har det etter kvart fått ei rekkje søstersider, sjølv om ikkje alle desse er like bra endå. Og så liker eg som så mange andre

Artikkelen fortsetter under annonsen

wikipedia

godt. Der finn ein svar på nesten alt, sjølv om kvaliteten på dette heller ikkje alltid er på topp.

Blinkenlights, eit Berlinbasert kunstprosjekt.Blinkenlights, eit Berlinbasert kunstprosjekt.


- Kor på nettet er du kvar dag?


- Eg er alltid innom

Underskog

, nettklienten der eg les eposten min og

Bergens Tidende

.



- Veit du om ein eller fleire nettstader du synst burde vere meir kjende?


- Eg har to nett-tips. Ingen av dei er merkeleg nok funksjonelle. Begge dreier seg om kunst. Det første er ei dokumentasjonsside for ei Berlinbasert kunstgruppe eller kanskje det er riktigare å seie kunstprosjekt med namnet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Blinkenlights

. Dei har utruleg fine prosjekt der dei ved hjelp av lyspærer, datamaskinar og store bygningar lagar... ja, kva skal eg seie? Verdas største pong-spel for eksempel (du veit dette TV-spelet frå 70-80-talet, som nokon av ein eller annan grunn kalte tennis). Eller kanskje verdas største sms-vegg? Gå inn og sjå! Det er fine saker.

Frå Frå "Views from the ground floor", eit nettkunstprosjekt av Jessica Loseby.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det andre er eit nettkunstprosjekt av Jessica Loseby. Det finn du på

viewsfromthegroundfloor.com

og det er ei slags poetisk videoforteljing. Fine lydar og stemningar. Hugs å skru på lyden på høgtalarane, elles forsvinn liksom noko av poenget.

- Omtrent kor mykje tid brukar du på nettet kvar dag?

- I beste fall tre til fire timar, men når jeg ikkje kan styre meg sikkert 14-15 timar. Det er ikkje bra!

- Kan du førestille deg ein dag utan Internett? Kva ville du ha gjort då?

- Vel, eg prøvde det då eg var ute og segla i Indonesia, langt frå nettkafear og urbane strøk. Men det blei for mykje, eller kanskje eg heller skal si for lite av det gode, så vi skaffa oss eit radiomodem. Sjølv om det var ei utruleg treig og ganske ustabil forbinding, fekk vi i det minste lese litt epost. Så svaret på spørsmålet blir jo nei. Utan nett, ingen kontakt med verda. (Dette høyes drøyt ut, men eg føler det litt slik.)

Thronsen har laga fleire nettstader for andre, blant anna for kona si, kunstnaren Torunn Skjelland.Thronsen har laga fleire nettstader for andre, blant anna for kona si, kunstnaren Torunn Skjelland.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Har du gjort deg opp nokre tankar om det digitale klasseskiljet?


- Eg gjorde eit feltarbeid på nettopp dette i 2002. Då undersøkte eg korleis ikkje-brukarar av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i alderen 34-55 så på seg sjølv og sitt forhold til informasjonsteknologien i forhold til samfunnet elles.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det eg kom fram til var at dei aller fleste av dei eg snakka med ikkje så si manglande forståing og bruk av teknologien som eit særleg stort problem. Anten fekk dei andre til å hjelpe seg (anten vener eller profesjonelle som dei betalte), eller så følte dei at dei ikkje hadde eit særleg behov for denne nye teknologien. Enkelte følte riktignok at dei var litt utanfor, men eg oppfatta det ikkje som særleg alvorleg.

- I arbeidet mitt så eg ikkje spesielt på eit sosialt lag eller ei marginalisert gruppe, men var heller ute etter å få med noko tilnærma eit samfunnsmangfald. Kanskje det ville sett heilt annleis ut dersom eg kun hadde undersøkt barn av sosialklientar, innvandrarbarn eller liknande «lågare sosiale lag», men det var ikke mitt prosjekt då.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Er nettet sosialt eller usosialt?

- Det kan vere begge delar. For nokre er det heilt klart sosialt. Gjennom ulike pratestader (chatterom), nettbaserte lagspel, diskusjonsforum osv, har mange ei form for sosial kommunikasjon med menneske spreidt over heile verda. Stadig vekk dukkar det opp gla´-historier om par som har funne kvarandre gjennom eller over Internett (men det dukkar også opp historier om folk som har funne kvarandre, men som kanskje ikkje burde ha gjort det).

- For nokre kan det vere befriande å skape sin eigen identitet, heilt uavhengig av eins fysiske eller «verkelege» eg. På nettet kan ein vere den ein vil, men det er litt skummelt også synst eg. Spesielt når «Per på 50» blir «Kristian på 14». Betre er det når mobbeofferet Lars kan vere «Konge-Lars med alle venene».

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det eg prøver å seie er at det er fint at eins nettkarakter kan få sosial aksept, og at denne aksepten kanskje overførast til den fysiske Lars. Slik kan Lars kanskje få det betre i sin «verkelege» kvardag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi brukar jo nettet til alt. Trur du at det berre blir meir og meir,
eller er grensa snart nådd?

- Nope. Det har inga ende. Litt som verdsrommet. Stadig ekspanderande.

- Har du nokre tankar kring etikk og moral på nettet?

- Ja, nettikette som vi kallar det, er viktig, men eg er ikkje så opptatt av om folk lastar ned og «stel» musikk og filmar av dei store plateselskapa og Hollywood. Eg er meir opptatt av at folk er snille med kvarandre. Litt som i Kardemommeby. «Man skal ikke skade andre, man skal være grei og snill, og forøvrig kan man gjøre som man vil.»

- Kan du fortelje om ei skilsetjande internettoppleving?


- Det er ikkje så spennande, men det var frykteleg morosamt å lage den første nettsida med «hello world!». Å forstå html-koden som ligg i botnen for alle vevsider var fint!

- Har du din eigen nettstad?


- Eg har laga fleire nettstader, men ingen for meg sjølv. Eg er ikkje så interessant at nokon treng å lese om meg. Dei kan heller lese om kona mi og hennar arbeid, til dømes, på

torunnskjelland.com

. Ho er billedkunstnar og driv med ting eg likar godt.

Les meir i Neste Klikk:

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving