Har du funne eit toalett?

Nokon har stole dassen til ex Grateful Dead-vokalist Jerry Garcia. Det er utlova ein dusør på 250 dollar til den som finn skåla att.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Jerry Garcia frå The Grateful Dead saknar neppe dassen sin i det hinsidige. (Foto: erowid.org)Jerry Garcia frå The Grateful Dead saknar neppe dassen sin i det hinsidige. (Foto: erowid.org)

Denne underlege historia byrjar eigentleg i 1997, to år etter at Jerry Garcia døydde.

Ein leiar i eit software-selskap, Henry Koltys, kjøper heimen til Garcia for vel 1,4 millionar dollar. Han fjernar så fleire delar av huset som han tenkjer å auksjonere bort til veldedigheit, mellom anna Garcias laksefarga toalett.

Auksjon stoppa


Så skjer det at Koltys sel Garcia-huset til ein ven av Grateful Dead, og den nye eigaren av huset prøver å stoppe auksjonen.

Etter mykje om og men ordnar det seg likevel, og Koltys flytter alle sakene han vil auksjonere bort ut av huset og heim til seg sjølv i Sonoma, California.

Auksjon i gang att


No har det seg slik at eit web-casino med base i Canada ender opp med å kjøpe toalettet. Dei ønskjer å bruke det i ei slags reklamevandreutstilling og ser verkeleg fram til å få denne dassen i si eige.

Denne brødskiva skal eit kasino vistnok ha betalt 28 000 dollar for. Det er nesten 190 000 norske kroner, det. (Foto: meganedwards.com)Denne brødskiva skal eit kasino vistnok ha betalt 28 000 dollar for. Det er nesten 190 000 norske kroner, det. (Foto: meganedwards.com)

Frå før har dei mellom anna kjøpt Star Trek-skodespelar William Shatner sine nyresteinar og ein sandwich med bilete av jomfru Maria på. Dassen vil vere i godt selskap, med andre ord. Viss han no kjem fram, då.

Kor er toalettet no?


For ganske nyleg vart dassen stolen saman med tre andre toalett og eit bidet. Politiet er like vise på kven det kan vere som har interesse av å stele desse tinga.

Men den tidlegare gartnaren til Garcia seier til nettstaden Boston.com at dassen nok kan ha ein viss apell hjå riktige blodfan av The Grateful Dead. Jaja, det er no i så fall kvar sin smak, ikkje sant?

Så spørs det då, om denne historia i det heile tatt er sann? Var det ikkje nett 1. april? Den som lever får sjå om ikkje eit lakseraudt toalett dukkar opp einkvan plassen etter kvart.


Meir kjendiseri i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus