Atle Antonsen i ny TV-serie

Atle Antonsen skal spele hovudrolla som saksbehandlaren Tor i Plan- og bygningsetaten i den nye humorserien «Etaten» som skal visast på NRK.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: folk.ntnu.no)(Foto: folk.ntnu.no)

(NPK):
Serien på åtte delar blir karakterisert som ein «arbeidsplasskomedie», og låner - etter det som blir sagt - litt frå både den britiske komedieserien «Kontoret» og «Borettslaget».

Manuskriptet har Antonsen skrive saman med Ole Endresen som også skal regissere serien.

Produsenten bak serien, Monster Film, har fått 3,5 millionar av eit totalbudsjett på 11,5 millionar kroner i produksjonstilskot frå Norsk filmfond. (NPK)



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy