Mi TV-helg (24): Med kaldt blod

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mykje gru og uhygge med nokre koselege pustehol innimellom. Dette er helga for folk med gode nervar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein tornado er flott å sjå på, men han kan øydeleggje heftig på sin veg. (Foto: urbanext.uiuc.eduEin tornado er flott å sjå på, men han kan øydeleggje heftig på sin veg. (Foto: urbanext.uiuc.edu

Filmen om Truman Capote rullar og går på kinolerreta for tida. I helga kan du sjå filmen som er basert på Capotes kanskje mest kjende bok. Men fyrst:

Sint natur


Det blir ein dramatisk start på tv-helga med naturkatastrofar og mord på timeplanen. Viasat-kanalen Explorer startar serien «Kostbart klima» klokka 18:10.

Her kan me sjå kva skader naturens eigne herjingar greier å stelle til og kva dette kostar samfunnet. Tusenvis av menneske døyr i naturkatastrofar årleg, og millionar vert heimlause.

Glade folk frå Jæren


Før uhygga får lov til å breie seg ytterlegare, tek me turen innom NRK2 klokka 19:45. «Jærbu i Junaiten» er ei kort musikkreise kor kanalen lovar humør, musikk og jærsk lynne. Høyrest triveleg ut.

«Med kaldt blod» frå 1967 er ein klassikar. (Foto: barnesandnoble.com)«Med kaldt blod» frå 1967 er ein klassikar. (Foto: barnesandnoble.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Capote


Så, klokka 21:50, er det klart for «Med kaldt blod» på TV1000 Classic. Dette er altså filmen basert på boka til Truman Capote med same namn.

«Med kaldt blod» er faktisk ei verkeleg historie, og det handlar om to unge menn som bryt seg inn hjå ein velståande familie for å rane dei, for så å drepe heile familien for å utslette alle spor etter seg.

Filmen omhandlar sjølve ugjerninga og rettssaka etterpå, og han er spelt inn i den verkelege rettssalen og i heimen til familien som blei drepen.

Musikk og klede


Laurdag er ein dag for brunsj, avislesing og rekreasjon. Kva betre enn å ha litt musikk til «arbeidet»? ZTV sender ein time med berre norsk musikk klokka 14:00, og så pass patriot må ein få vere at ein synest det er ein god ide.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kanskje får me sjå Marit Larsen på ZTV i helga? (Foto: Stian Andersen/maritlarsen.com)Kanskje får me sjå Marit Larsen på ZTV i helga? (Foto: Stian Andersen/maritlarsen.com)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kan jo etterkvart undrast over kva det ikkje går an å lage tv om. Svensk TV2 syner programmet «Berättelsen om en t-tröja» klokka 16:10. Her skal me altså få følgje ei fotball-t-skjorte frå ho blir gitt vekk i Hamburg til ho kjem fram i Tanzania.

Eg må medgje at eg ikkje har tenkt så mykje på kor kleda eg gjer vekk til innsamlingar blir av, så det kan vere greitt å få dette med seg.

Ung debutant


Det passar med nokre filmar på laurdagskvelden. Den norske filmen «Bare Bea» går på TV1000 Noreg klokka 19:00. Her møter me 17 år gamle Bea som drøymer om å gå på forfattarskule i Canada og som plutseleg opplever at den kjekkaste guten på skulen fattar interesse for ho. Så kjem det store spørsmålet: Når er det ok å ha sex for første gong, og kven skal ein gjere det med? Store og viktige val for ei ung sjel, så får me sjå på laurdag koss det løyser seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jakt på russisk massemordar i filmen «Citizen X». (Foto: erikssonstunnbrod.se)Jakt på russisk massemordar i filmen «Citizen X». (Foto: erikssonstunnbrod.se)

Massemordar 1


Litt meir skummelt blir det seinare på kvelden når «Citizen X» går på Show Time. Ein russisk massemordar har drepe over 50 unge jenter og gutar, og russisk politi leiter etter han med alle midlar.

Midlane og verktøyet er dessverre dårleg og gammaldags, men å be FBI om hjelp er ei falitterklæring og dermed utelukka. Filmen byrjar klokka 23:00 og har kjende filmfjes som Donald Sutherland og Max von Sydow i hovudrollene.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å, ja takk, dette såg bra ut. (Foto: hawaii.com)Å, ja takk, dette såg bra ut. (Foto: hawaii.com)

Aloha!


Søndagen kan vere ei utfordring for nokon og einkvar. Sidan vinteren ser ut til å dra ut, kan det kanskje vere ein tanke å reise til sydlegare strøk? Kanalen Travel tar oss med til Hawaii klokka 14:00.

I ein heil time skal me få oppleve stillehavsøya til fots! Herleg. Kanskje det kan vere ein ide å ta eit fotbad samstundes, så får ein gjerne den rette kjensla av å vere der.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kongegrav


Ferda går så vidare til Egypt. Statskanalen NRK startar ein ny serie på søndag kveld kalla «Egypt». Og kva skal me så der? Jau, me skal vere med på å finne Tutankhamuns skattkammer. Ikkje lite, berre det.

Tutankhamun døydde i ein alder av 18 år, og det heiter seg at det kviler ei forbanning over grava hans. Dette kan bli skummelt.

Christina Ricci og Charlize Theron har eit trasig liv, i alle fall på lerretet. (Foto: sunnews.com)Christina Ricci og Charlize Theron har eit trasig liv, i alle fall på lerretet. (Foto: sunnews.com)

Massemordar 2


Helga avsluttar me i selskap med Charlize Theron i filmen «Monster», som TV2 viser kl 21.45. Theron speler den hardt prøvde prostituerte Aileen Carol Wuornos som drap fleire av kundane sine.

Det handlar om råskap, vondskap og fornedring, men innimellom er det plass til litt vennskap og kjærleik og. Theron fekk Oscar for rolla si som Aileen, og også denne filmen er basert på ei verkeleg historie.

Det kan sjå ut som at kvardagen og verkelegheita er opphavet til dei beste og fleste historiene. God helg!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving