Nesten ingen nye kyrkjer

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om norsk økonomi er god, er bygging av nye kyrkjer på eit historisk lågmål, melder Vårt Land.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: gallery.kak.net)(Foto: gallery.kak.net)

(NPK):
I fjor vart det bygd berre ei einaste ny kyrkje her i landet, og i år ser det ut til å bli tre nye kyrkjebygg.

Kyrkjekonsulent Arne E. Sæther i Kultur- og kyrkjedepartementet seier at det handlar om kommuneøkonomi og ingenting anna.

I perioden 1995 til 2004 vart det i snitt bygd seks nye kyrkjer kvart år.

Framleis finst det mange planar om nye bygg. Sæther har ei liste med eit trettitals nye prosjekt.

Rundt årtusenskiftet var det eit oppsving i talet på nye kyrkjehus. Ei viktig årsak var at 19 kyrkjer vart restaurert og delvis nybygde etter mange kyrkjebrannar på 90-talet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving