Mi TV-helg (23): Smells Like Teen Spirit

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein liten gut i kjole, ein smokingkledt filmentusiast som snakkar om sex, to rockeband som har betydd mykje for mange, og ein dæsj reality.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kramer, George, Elaine og Jerry i kjend stil. (Foto: nndb.com)Kramer, George, Elaine og Jerry i kjend stil. (Foto: nndb.com)

Fredag kl 21 gler eg meg til å sjå «Seinfeld» på TV2 Zebra. Elaine, George, Jerry og Kramer er ein gjeng eg har hatt mykje moro med, sjølv om episodane byrjar å bli litt gamle og velbrukte.

Kor blei det av leikeplassane?


Klokka 21.45 sender TV2 Zebra den norske familiefilmen «Carl Gustav, gjengen og parkeringsbandittene» frå 1982. Leikeplassane i byen forsvinn sporlaust til fordel for parkeringplassar. Carl Gustav og venene hans løyser mysteriet.

Kurt Cobain blei berre 27 år gammal, men sette spor etter seg. (Foto: Wikipedia)Kurt Cobain blei berre 27 år gammal, men sette spor etter seg. (Foto: Wikipedia)

Grungekongen Cobain


00.15 på NRK1 skal eg sjå dokumentaren «Nirvana - Nevermind» om rockebandet Nirvana med grungekongen Kurt Cobain i spissen, som forandra musikkverda i 1991 med plata «Nevermind».

Katteliv


Laurdag kl 10.45 sender NRK1 noko eg og kattane mine berre må sjå. «Det søte katteliv» er ein tysk dokumentar om dei pelskledde tøffingane Luna, Knopf og Olsen, som elskar jakt og natterangel, og er nusselege når det passar dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nerdegutar og jåleberter


På TV3 kl 18.10 kan vi sjå tredje episode av «Prinsessen og professoren». Jåleberter og nerdegutar er sett saman i par og skal lære noko av kvarandre. Denne gongen skal jentene lære seg noko om elektronikk, medan gutane skal ha på seg kule klede og stå på snowboard.

Fantastiske Stoltenberg


Kl 19.55 sender NRK1 «Borettslaget» med den fantastiske Robert Stoltenberg. Eg blir aldri lei av alle dei pinlege karakterane som får oss til å kjenne igjen dei verste sidene av oss sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå filmen Ma Vie En Rose, som på norsk har fått tittelen En dans på roser. (Foto: sonypictures.com)Frå filmen Ma Vie En Rose, som på norsk har fått tittelen En dans på roser. (Foto: sonypictures.com)

Ein gut i kjole


Kl 21.00 kjem ein fin film på NRK2. «En dans på roser» er ein belgisk film om den sju år gamle guten Ludovic som likar å gå i kjole, og fortel folk at han skal bli kvinne når han blir stor.

You Really Got Me


Søndagen set eg meg ned foran TV-en klokka 19.25. Då sender NRK2 «Lydverket», som denne gongen er ein hyllest til Ray Davies, låtskrivar og sjef i The Kinks. Vi møter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det orginale Kinks i 1966. (Foto: raydavies.info)Det orginale Kinks i 1966. (Foto: raydavies.info)

fire norske band som har lete seg inspirere av Kinks sin musikk, og som leverer coverversjonar av Kinkslåtar.

Bikini og paraplydrink

Kl 20.00 på TV3 får vi sjå første episode i endå ein norsk realityserie. Denne gongen er det nordmenn på sydenferie vi skal bli kjende med i «Charterfeber».

Unge og gamle reiser frå Noreg til syden for å varme seg. Gjennom 10 episodar skal vi møte turistane og sjå denne urnorske draumeferien i kvitauga.

Sex i smoking


Den som framleis er vaken kl 23.40 kan sjå Mikal Olsen Lerøen, som alltid går i smoking i programmet «Filmplaneten» på NRK1. Dette er det første av to program der han tar opp seksualiteten si filmhistorie og korleis filmsexen speglar samfunnet.

God TV-helg!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving