Mi TV-helg (22): Ingvar Havnen er tilbake

Artikkelen fortsetter under annonsen

Laurdag tek VM på skeiser i Calgary i Canada til. Eg kjenner det kjem varme kjensler fram hjå meg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kan bli religiøs av mindre. (Foto: www.speedsk8.ca)Ein kan bli religiøs av mindre. (Foto: www.speedsk8.ca)

Skeiser er stort, og når NRK attpå til har plukka den tidlegare skeisekommentatoren frå Kvinnherad fram frå skåpet, ja, då er fjernsynshelga fullkomen.

Heilt utan surr

Ingvar Havnen veit kva han snakkar om. Det går ikkje surr i rundetidene der i garden, han slengjer ikkje med leppa. Det lærde han som pressetalsmann i Utanriksdepartementet.

Med ei sikker røyst tek Ingvar oss med inn i hjarta av denne norske nasjonalsporten. Det er slett ikkje alle nasjonale kringkastarar som kan kalla fram sjølvaste ambassadøren i det landet meisterskapen finn stad når sporten skal kommenterast.

Blir mest religiøs


Du trur kanskje eg tullar, men då tek du feil. Me som har vore involvert i denne sporten tilbake til 60-talet veit kva me snakkar om. Fred Anton, dei fire S-ane, Karlstad og Koss. Det er mest som ein kan bli religiøs av mindre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Oppvarming i stova


Dei som ikkje heilt forstår verknaden av den fysiske og psykiske øvinga skeiserenning, bør lada opp litt i førekant. Enkle skyv til kvar side med og utan hender på ryggen vil vere god førebuing til å følgja sendingane. Då vil du og forstå det blir ei krevjande helg.

Eg er ikkje i tvil om at NRK 2 vil få store sjåartal på laurdag når 500-meteren startar klokka 20.10. Men at NRK vågar å senda denne folkesporten på NRK 2, ein kanal store deler av landet ikkje får inn utan ekstrautstyr!

Sundag med stålis


Sundag 20.40, framleis på NRK 2, er det på han igjen. 1 500 meter og milløpet står for tur.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette året har me som held til på vestsida av kjølen hatt ekstra god opplading. Stålisen har lege tjukk i meir enn ein månad og me tek mest til å lura på om han vil fara før 17. mai med den tjukna han har no.

Sjølvskrivne håp


Som vanleg er dei norske skeisehåpa sjølvskrivne vinnarar i alle meisterskap dei deltek i. Så kjem smerta etter kvart som løpa skrir fram. Det er mest som om lidinga høyrer til. Men så, som eit skot i natta, hender det at ein løpar slår til. Og me visste sjølvsagt at slik måtte det gå.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mozart har bursdag i år, og ein ballett bygd på «Der grosse Messe» kan vere passande avveksling frå skeisesport. (Ill: mythen-post.ch)Mozart har bursdag i år, og ein ballett bygd på «Der grosse Messe» kan vere passande avveksling frå skeisesport. (Ill: mythen-post.ch)

Musikalsk oase


Derfor er det greitt at Havnen & Co får ein pause på oppløpssida der me her heime kan få oss ein musikalsk oase før 10 000 meteren tek til seint sundag kveld.

Ei flott ballett av Uwe Scholz til musikk av W.A. Mozart står på programmet på NRK2 kl 21.50. Balletten «Den store Messen» er eit av hans beste verk og blei filma berre få månader etter Scholz sin død i 2004.


10 000 meter


Og då er det klart for 10 000 meter, og kanskje Ingvar Havnen greier å sekundera oss til toppen på pallen denne gongen. Frå kl 22.45 sender NRK2 både 10 000 m for menn og 5000 m for kvinner.


PS:

I heimen vår toler me ikkje meir fjernsynssjåing på ei helg og eg rår og andre til å gå ut å kjenne på vårlufta. Skulle du likevel vera desperat er «Nytt på Nytt» fredagskvelden 20.55 på NRK 1 eit greitt val. Du kan følgje opp med Valebrokk sine gutar i «Senkveld» klokka 22.10 på TV 2.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving