Nettmøte: Noregs Mållag

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du problem med nynorsk? Treng du hjelp til rettskriving eller har du rett og slett berre ei høne å plukke med Noregs Mållag? Vi køyrde debatt!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noregs Mållag gav våre lesarar ein siste sjans torsdag ettermiddag mellom 17:00 og 19:00. Det var duka for tredje og siste nettmøte, og Noregs Mållag svarte på spørsmål frå lesarane.

Dei to føregåande nettmøta finn du her:

Torsdag 16 februar:

Rekrutterer sidemålsundervisning nynorskhatarar?



Torsdag 2 mars:

Noregs Mållag svarte lesarane

Dagleg leiar i mållaget, Gro Morken Endresen, svarte på alt det lesarane lurte på om nynorsk.

Kan

Noregs Mållag hjelpe deg?


Kva spørsmål vart stilt? Er du med som bidragsytar i den store

skrivetevlinga.

? Svara møtet gav finn du her, kanskje det kan hjelpe deg?


Nettmøtet:


  • Hei.

    I Drammens Tidende er to elever sitert slik:

    - Jeg ser ingen grunn til å kutte nynorsken. Den norske kulturen er
    bygd opp rundt nynorsk, mener Stefan.

    - Hvis man behersker nynorsk, blir også bokmål enklere, mener hun.

    1. Hvordan kan det ha seg at noen kan mene at den norske kulturen er bygd opp rundt nynorsk?

    2. Er det bevis for at bokmål blir enklere å lære om en kan nynorsk?
    De fleste mener at det beste er å lære et språk.

Svar:

Hei
Eg trur Stefan her tenkjer på at nynorsken er bygd opp av alle dei norske dialektane, og på denne måten er samlande for alle i Noreg. I språket (og dialektane) ligg jo også uttrykksformer som er knytte til den kulturen nordmenn har hatt i historia.

Det er i alle fall ingen ting som tyder på at det blir vanskelegare å lære bokmål om ein kan nynorsk frå før. Forskning viser at til meir språk ein kan frå før, til lettare lærer ein endå meir.

Helsing
Gro

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
  • Jeg har svensk mor og derfor kunne jeg få fritak fra sidemål på skolen. Nå vil jeg inn på lærerskolen. Hvordan kan jeg lære meg nynorsk?

    Tina

Svar:

Det «enklaste» er kanskje å ta norsk for vgs allmennfag som privatist. Då veit du at du har gått gjennom det same pensumet som alle andre. Alternativt finst det t.d. lokallag av Noregs Mållag som lagar til nynorskkurs no og då, i alle fall i dei største byane.

Helsing
Gro

  • Det har vore sagt at det er ein stor fordel å kunne fleire språk
    når du skal lære eit nytt. Er dette berre tull?

    Mari

Svar:

Hei
Det er faktisk slik at til fleire / meir språk ein kan frå før, til lettare lærer ein endå meir språk. Det er i grunnen ganske logisk, fordi ein har eit større ordtilfang, meir grammatikkunnskap osb som gjer at ein har fleire «knaggar» å hekta ny kunnskap på.

Helsing
Gro

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
  • I noen klasser er mange elever positive til å lære nynorsk som
    sidemål, i andre er demye mer negative. Hva tro dere kan være
    forklaring på det ?

    Arve

Svar:

Hei
Eg trur at haldningane til nynorsk og bokmål i ein skuleklasse langt på veg er avhengig av dei haldningane læraren har. Eg har sjølv reist ein del rundt og halde føredrag om nynorsk i vgs for ein del år sidan. Røynslene mine den gongen var diverre at den haldninga til nynorsk som møtte meg på lærarrommet om morgonen, var den haldninga eg kunne venta å møta i klasseromma i dei ulike klassane.

Og eg seier diverre, fordi eg også møtte ganske mange negative haldningar på lærarromma ...

Helsing
Gro

Artikkelen fortsetter under annonsen
  • Mange vaksne hevdar at det er så vanskeleg å finne nynorske
    barnebøker i bokhandelen og på biblioteket. Er det fordi det er
    utgjeve få barnebøker på nynorsk? Eller kva er forklaringa?

    Kari

Svar:

Hei
Nei! Det er ikkje få nynorske barnebøker. Det vert diverre gjeve ut færre barnebøker på nynorsk enn på bokmål. Men vansken med å få tak i nynorskbøker kjem nok mest av at bokhandelen eller biblioteket ikkje har teke dei inn (eller at dei er på utlån heile tida, fordi dei har så få :-)).

Til bokhandelen hjelper nok berre ein ting: etterspurnad.

Helsing Gro

  • Kva er det som kan vera grunnen til at ei jente eg veit har
    nynorsk som hovudmål og som skriv flott, likevel skriv bokmål i
    avisa?

    NN

Svar:

Hei
Nynorsk er i mindretal i Noreg, og ofte høyrer vi også negative haldningar til nynorsk frå ein del bokmålsbrukarar. Det kan føra til at nynorskbrukarar også når det ikkje er grunn til det, trur at andre ville synast det var dumt om dei skreiv på nynorsk - og så legg dei om til bokmål for å vera på den sikre sida.

I slike situasjonar hjelper berre god språkleg sjølvtillit, side om side med at haldningane til nynorsk ser ut til å verta betre og betre.

Helsing Gro

Artikkelen fortsetter under annonsen
  • En kamerat i klassen min sa at han ville stemme for nynorsk om
    det ble avstemming om skolespråket. Han skriver selv bokmål som
    hovedmål. Kan jeg få argumenter for å ha nynorsk fra første
    klasse?

    Per

Svar:

Hei

I Noreg er det slik at alle elevar skal lære både nynorsk og bokmål. Same kva ein meiner om det, vil det truleg vera slik i lange tider framover.I Då vil det rett og slett alltid vera ein fordel å ha mindretalsspråket som fyrste opplæringsmål. Grunnen er enkel: mindretalsspråket vil vera minst tilgjengeleg i form av litteratur, aviser og anna. Difor får ein minst «gratis» der.

Artikkelen fortsetter under annonsen


I Noreg vil det med andre ord i lange tider enno :-), vera smart å starta med nynorsk, fordi bokmål er så mykje brukt at det difor er lettare å læra.


Helsing
Gro

  • Kan de gje meg råd på kor eg finn meir informasjon om nynorsk og
    stillinga til nynorsken i Noreg?

    Thomas

Svar:

Hei
Lettast tilgjengeleg informasjon finn du hos Noregs Mållag (www.nm.no),
Aasentunet (www.aasentunet.no) og Språkrådet (www.sprakrad.no).
Alle tre gjev ut ulike blad, årsrapportar og anre tekster seom ein kan be om å få tilsendt, om ein vil lesa meir enn det som står på nettsidene.

Helsing Gro

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Spørsmål til nettmøte med Noregs mållag:

    Folk i organisasjonar vil lett ha lyst til å bruke makta dei
    har til andre saker dei sjølv meiner er «gode». Ein kan då
    lett bli freista til å uttale seg utover organisasjonen sitt
    primære interessefelt. Dette kan føre til:

    1. Lav kompetanse på utsegner, då folk som er flinke i eit
    felt - for oss nynorsk - ikkje treng vera like oppegåande i
    andre fagfelt. Og kan då lett over-forenkle kompliserte saker,
    på same måte som mange journalistar.

    2. Medlemsavskalling, då nokre medlemmer støtter hovud-
    interessen, men kanskje ikkje leiarane sine andre meiningar.
    (Dette meiner eg sjølv konkret har skjedd med Attac Noreg.)

    Kva konkret gjer NM for at ikkje organisasjonen skal falle i
    denne fella og uttale seg i andre fagfelt enn nynorsk-saka,
    og som bare har litt eller ingenting med nynorsk-saka å gjera?
    Som abort, innvandring, kontantstøtte, Norsk statsstøtte til
    Hamas i Israel, osb.

    Sigve Bø
    Stavanger

Svar:

Hei
Det er sikkert ulike syn på om Noregs Mållag tidvis har falle i denne fella eller ikkje. Diskusjonar om kva ein skal meina noko om, og kva som kan ha konsekvensar for nynorsken, har det i alle fall vore mange av også i Mållaget.

Når du spør kva Mållaget gjer for å ikkje falla i denne fella, må eg nesten visa til landsmøtet, som er øvste organet i organisasjonen. Kva Mållaget skal meina noko om, kan ikkje regulerast på andre (eller betre) måtar enn at landsmøtet sjølv røystar mot framlegg ein meiner fell utanfor saksområdet vårt.

Det viktigaste er nok at ein både i Mållaget og i andre organisasjonar har ein levande og god debatt heile tida om kva som er politiske utfordringar og strategien for det vidare arbeidet.

Og for ordens skuld: eg kan ikkje minnast at Mållaget har uttalt seg i nokon av dei sakene du nemner som døme :-)

Helsing
Gro

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Såg debatten på redaksjon 21 og synes at Mållaget gjorde ein «fin
    figur»! Kva meiner Gro Morken Endresen sjølv?

    Og er det demotiverande med motstand som Bokmålsforbundet og unge Høgre, eller er dette berre ein pådrivar?

    På kva punkt er dokke mest uenige? Kva er mest fortvilande med denne «motstanden» og korleis kan du sitje å vere så roleg når dei sit på andre sida og «dissar» nynorsken?

    Lille My

Svar:

Hei
Eg meiner i alle fall at det var ein debatt med tidvis fornuftig innhald og ikkje berre destruktive skuldingar frå alle kantar, slik det av og til kan vere. Å ha «fiendar» har fleire sider. Det hadde sjølvsagt vore flott om ingen var mot nynorsken, men det er bra for interessa for språkstoda i det heile, at det finst fleire enn Mållaget som bryr seg om kva som skjer med norsk språk.

Bokmålsforbundet vil etter mitt syn i realiteten fjerna nynorsken, så der er vi usamde om det meste. Men Unge Høgre (og Høgre) er hovudsemja om det bør vera obligatorisk sidemålsundervisning. Unge Høgre vil gjerne ha slutt på den skriftelege sidemålsopplæringa, medan Mållaget meiner den er avgjerande for at den norske tospråksituasjonen skal kunna fungera i praksis.

Mest «fortvilande» er det med alle dei som ser ut til å meina at nynorsken kan overleva fint og ikkje treng meir enn om lag 10 % bruk frå det offentlege og slikt, sidan det er om lag så stor del som brukar nynorsk til dagleg. Det er svært lite raust og svært dårleg tenkt å tru at fordi ein tilhøyrer eit språkleg mindretal på 10 % så skulle ein sjølv berre ha bruk for å lesa sitt eige språk 10 % av tida.

Nynorskbrukarane har sjølvsagt lik bruk for å lesa nynorsk på alle samfunnsområde og i same omfang som bokmålsbrukarar har. Difor må reglane for bruk av nynorsk og bokmål følgja heilt andre demokratiske prinsipp enn somme andre tek til orde for.

Og til sist: Det har vel sjeldan vore til hjelp å bli sint og sur i ein debatt. Det kan vera fristande no og då, men saka og debatten kjem best frå det om vi greier å la vera.

Helsing Gro


Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
  • Språk og læring
    Hvordan kan jeg lære nynorsk uten å måtte pugge grammatikk og
    bøyingsmønster?

    Hvordan kan jeg få tak i gode ungdomsbøker på nynorsk?

    Mvh. NU

Svar:

Hei
Den beste måten å læra språk på utan alt for mykje pugging, er å lesa mykje.

Når det er sagt, vil det nok også betala seg å streifa innom ordbok og gramatikkreglar no og då. Men ein kan få mykje «gratis» ved å lesa mykje nynorsk.

Gode ungdomsbøker finn du m.a. hjå Det Norske Samlaget (nokre få nynorskbøker kjem også ut på andre forlag). Heile utvalet finn ein nok lettast ved å sjå på nettsidene til forlaga, men bokhandelen og biblioteket kan også vera til god hjelp.

Helsing
Gro

  • Kvifor er det slik at mange - helst byfolk - ikkje likar nynorsk medan
    det er få bygdefolk og nynorskbrukarar som ikkje likar bokmål?

    Helsing Ingrid

Svar:

Kva folk liker og ikkje, har mest med «maktforhold» å gjera. Ein del byfolk / bokmålsfolk liker ikkje nynorsk, og det kan dei «ta seg råd til» fordi dei sjølve kanskje ikkje har bruk for det, og fordi nynorsken er i mindretal og difor ikkje har same status som bokmålet. Omvendt med nynorskbrukarar / bygdefolk: sjølv om dei skriv nynorsk, les dei mykje bokmål, bruker av og til bokmål og opplever umedvete at bokmålet er statusspråket.

Helsing Gro


Les meir:


  • Om skrivetevlinga

    her

  • Om Noregs Mållag her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving