Sponsa fødsel

Artikkelen fortsetter under annonsen

T-skjorter med reklame på er ikkje noko nytt påfunn. Men ein tatovert logo på den gravide magen, den er ny.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kanskje noko for RIMI? (Foto: chiefbloggingofficer.com, Rimi og RMT)Kanskje noko for RIMI? (Foto: chiefbloggingofficer.com, Rimi og RMT)

Den gravide magen er den nye annonseplassen, skal vi tru nettstaden

boston.com

.

21 år gamle Francis auksjonerte bort reklamerettane til graviditeten sin på

eBay

. Eit internettføretak i California gav det høgaste bodet, og fekk rettane for 1000 dollar.

Fødselen blir kringkasta

For pengane får internettselskapet plassere ei midlertidig tatovering med logoen sin på den store magen til Frances. I tillegg får dei også kringkaste den nært føreståande fødselen live på nettet.

I følgje

boston.com

er ikkje ideen om reklame på levande menneske ny.

I fjor tente ein 22-årig mann meir enn 37000 dollar på å gå ein månad med ein logo i panna.

Ei kvinne auksjonerte vekk reklamerettane til kleda til babyen sin. 1000 dollar ville kvinna ha i betaling i månaden for at babyen hennar skulle vere reklameplass.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Enkelt og billig


- Ideen er enkel. Å gjere noko uvanleg, få mediadekning, og nå gjennom til forbrukarar som allereie ser opp til 3000 reklamebodskap om dagen, seier Floyd Hayes frå firmaet Cunning Communications som har spesialisert seg på mediastunts.

- Ein gravid mage med reklame får folk til å snakke, og det er verd mange reklamekroner, fortset Hayes til

boston.com

.

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving