Sexistar, nazistar, skal hakkast til medister

Overskrifta er eit sitat frå eit av slagorda som blei ropt av eit 8. mars-tog i København på 90-talet, der artikkelforfattaren var deltakar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Katarina Bringslimark Storalm, ein skikkeleg feminist-aktivist. (Foto: Privat)Katarina Bringslimark Storalm, ein skikkeleg feminist-aktivist. (Foto: Privat)

Litt meir sakleg og konstruktivt går det føre seg i årets 8. mars-markering i Bergen.


Ein feministisk aktivist


Katarina Bringslimark Storalm (22) frå Saltdal i Nordland bur i Bergen, der ho studerer historie. Ei svært aktiv dame, med medlemsskap i både i

RU

,

RV

,

AKP

,

Nei til EU

og kvinnegruppa

Ottar

.

Alle desse organisasjonane stiller i 8. mars-toget i Bergen, med ei rekkje parolar som set fokus på kvinnekamp og kvinnefrigjering i Noreg og verda.


Mykje å velje i


Katarina kan dermed velje mellom mange forskjellige plassar i kvinnetoget, men kjem til å bestemme seg for ei av hovudparolane, som AKP og Ottar står for. AKP sin er «Kamp for full kvinnefrigjøring» og Ottar sin lyder «Kriminaliser horekundene - prostitusjon er ikke arbeid».

- Alle parolane i toget er like viktige, synest Bringslimark Storalm.

I år skal Katarina berre vere ein heilt vanleg feministaktivist på kvinnedagen.

Ottar-frukost


- Eg og nokre andre i Ottar skal ha ein 8. mars - frukost der vi diskuterer korleis vi skal forholde oss til Tore Coughlin, som i fjor plasserte levande bikinimodellar i eit butikkvindu i Bergen på kvinnedagen.

Ottar kåra Coughlin til årets mest forhatte mann i fjor, og den tittelen seier han til Bergensavisen at han gjerne vil behalde. Derfor set han i gang ein aksjon i år og, der han skal prøve å få silikonbabes til å melde seg inn i Ottar.

- Kanskje det er best å ikkje bry seg om han i det heile, dette skal vi diskutere på frukosten, seier Bringslimark Storalm. - Det er jo kjempebra forresten, viss han greier å få fleire til å melde seg inn i Ottar, særleg viss dei betaler medlemspengar!

Kvinnetog


I ettermiddag er det altså appellar på Torgalmenningen, og så er det kvinnetoget.

- I fjor var eg konferansier på Torgalmenningen, var med i ein radikal heiagjeng i toget, pluss at eg laga plakatar og løpesetlar. Eg gjorde så mykje at eg bestemte meg for å ta det litt med ro i år. I år er det ein annan aktivist, Oddny Miljeteig frå SV som er konferansier.

- Kvifor er kvinnedagen viktig for deg?

- På sjølve kvinnedagen synest eg det er viktig å setje fokus på den norske kvinnerørsla, og sjå litt bakover på kva vi har oppnådd gjennom kampen vår.

Dessutan synest eg det er kjekt med ein dag der masse folk samlast for å gå i tog for feminismen og for å markere at det framleis er langt igjen.



Noreg på andreplass


- Men vi har jo kome ganske langt her i Noreg? Er vi det mest likestilte landet i verda?

Nei til EU engasjerer seg og i kvinnekampen. Her er deira 8. mars-løpesettel.Nei til EU engasjerer seg og i kvinnekampen. Her er deira 8. mars-løpesettel.

- Nei, det er Sverige som blir rekna som det landet der likestillinga er komen lengst. Vi er vel på andre plass, det er jo ikkje verst. Danmark kjem lengre ned på lista, og EU ligg samla sett ikkje særleg godt an.

Men det at Noreg er nestbest i verda på likestilling betyr ikkje at det ikkje er noko å kjempe for. Sjukepleiarar, som ofte er kvinner, tener til dømes omlag 100 000 kroner mindre enn menn med like lang utdanning.

Og kva med dei kvinnene som ikkje har noko utdanning, eller ikkje jobb, eller ikkje opphaldsløyve? Kvinnedagen blir brukt til å markere solidaritet med undertrykte kvinner både her heime og internasjonalt.

Kvinnetoget i Bergen inneheld parolar til støtte for både palestinske og afghanske kvinner. Vi finn også parolar mot vald og for demokrati i heimen, mot seksuell trakassering, mot tvangsekteskap og for familiegjenforeining.

Medister-slagord


- Kva skal de rope då?
spør eg Katarina Bringslimark Storalm til slutt.

- Det veit eg ikkje heilt, slike rop oppstår vel meir spontant i toget, i fjor song vi ein ikkje heilt fredeleg song. Men eg trur ikkje det blir noko slikt medister-slagord.


  • Markeringa i Bergen startar på Torgallmenningen klokka 17.

  • I Stavanger skjer det i Byparken klokka 18.

  • I Oslo startar 8. marsmarkeringa på Youngstorget klokka 18.


Les meir på nettet:

  • I Bergen er det Ladyfest heile 8. mars-veka.


ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy