Ismeskulen: Feminisme

Artikkelen fortsetter under annonsen

Både kvinner og menn kallar seg feministar, og dei går slett ikkje i raude strømper alle saman.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit symbol for den feministiske rørsla. (Foto: ssevillano.free.fr)Eit symbol for den feministiske rørsla. (Foto: ssevillano.free.fr)

Feminisme som omgrep vart lansert av den franske sosialisten Charles Fourier i 1837 som allereie 30 år tidlegare snakka høgt om at kvinner sine rettar måtte få ein høgare status viss samfunnet skulle kunne utvikle seg.

Her trefte han nok spikaren på hovudet, den gode Fourier, og det er nett dette med kvinner sine rettar som er grunntanken bak feminismen.

«Eg har aldri vore i stand til å finne ut kva feminisme er; eg berre veit at folk kallar meg feminist så fort eg kjem med uttalelsar som skil meg frå ei dørmatte eller ein prostituert.» (Rebecca West)

Mange slag


Nå har det seg slik at feminisme ikkje er ein eigen ideologi som kan definerast i ein eller to setningar. Det finst mange slags feministar i verda, og deira ideologi kan sprike på svært mange punkt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik kan altså ein feminist sjå ut. (foto: newzv.ru)Slik kan altså ein feminist sjå ut. (foto: newzv.ru)

For å prøve å definere feminisme, vil me halde oss til det som generelt kjenneteiknar feministar sine tankar og meiningar om emnet.
Me vil derfor påstå at feminisme er å anerkjenne at menneska har dei same rettane uansett kjøn.


Lese og røyste


Feministar jobbar for at det skal vere full likestilling mellom kjønna og at det å vere mann eller kvinne ikkje skal ha noko å seie for korleis du skal kome deg fram her i verda.

I byrjinga av førre århundre handla denne likestillingskampen i hovudsak om kvinners rett til å studere og til å røyste.

«Ein vert ikkje født til kvinne, ein blir det.» (Simone de Beauvoir)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

To typar


Det finst eit vell av underkategoriar av feminisme: Livmorfeminsime, kulturell feminisme, lesbisk feminisme, transfeminisme osb. Likevel kan ein seie at det finst ei todeling innan feminismen som er ganske markant. Me snakkar om proteksjonistfeministane og egalitærfeministane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Feminist anno 1860 (omtrent): Camilla Collett. (Foto: content.answers.com)Feminist anno 1860 (omtrent): Camilla Collett. (Foto: content.answers.com)

Egalistane fokuserer først og fremst på likestilling mellom kjønna og like rettar for både kvinner og menn, medan proteksjonistane rettar seg meir mot t.d. at loven skal ta meir omsyn til kvinner spesielt.

Som døme på sistnemnde kan me nemne lovar som gjer det muleg å føretrekkje kvinner framfor menn i typiske mannsdominerte yrke.

Feministen, det er eg


Kven er så feminsitane? Dei finst i båe kjønsgruppene. Faktisk har vår eigen statsminister, Jens Stoltenberg, erklært seg sjølv som feminist. Av andre kjende og markante feministar nemner me:
· Camilla Collett (1813 - 95): Forfattar av Noregs truleg første feministiske roman «Amtmandens Døtre».

Sjølverklært feminst anno 2006: Statsminister Jens Stoltenberg. (Foto: dep.no)Sjølverklært feminst anno 2006: Statsminister Jens Stoltenberg. (Foto: dep.no)

· Rosa Luxembourg (1871 - 1919): Polsk jøde og kommunist. Ivrig forkjempar for revolusjon og mot kapitalismen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

· Rebecca West (1892 - 1983): Britisk-irsk forfattar og journalist med mange og høglydte meiningar. Jobba med kvinnebevegelse under første verdskrigen og som journalist under andre verdskrigen.

· Simone de Beauvoir (1908 - 1986): Fransk filosof og forfattar. Skreiv ei av dei store feminstiske klassikararne «Det annet kjønn».

· Gudrun Schuyman (1948): Svensk politikar som braut med Vänsterpartiet og etablerte «Feministisk initiativ».



Veit du om ein isme du vil me skal skrive om? Send oss ein epost!

Isme = teori, ideologi eller doktrine. Endinga blir ofte brukt i nemningar av retningar innan politikk, religion, litteratur, kunst osb.

Feministlitteratur:

  • Fittstim - Linda Norrman Skugge og Belinda Olsson (red.)

  • Århundrets kjærlighetssaga - Märta Tikkannen

  • Det annet kjønn - Simone de Beauvoir

  • Feministhåndboka - Grete Nestor


Kjelder:

Les eit intervju med ein ekte feministaktivist!



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving