Mi TV-helg (20): Blod, brann og sveitte

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne TV-helga kjem til å dreie seg om historie, boksing og spaningsfilmar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mi TV-helg byrjar fredag kl. 19.00. Då sender Viasat History «Conquistadorane». Dette er namnet på dei spanske erobrerane av det som vert kalla «den nye verda» på 1500-talet, det amerikanske kontinentet.

Programleiaren Michael Wood fylgjer i fotefara til Conquistadorane og gjer dette til ein spanande reiseserie frå den delen av Amerika me til vanleg ikkje får noko særleg inntrykk frå.

Programmet fredag omhandlar jakta på «Gull-landet» eller «El-Dorado». Me tek turen over Andesfjella, reiser gjennom regnskogane i Ecuador og seglar med flåte på Amazonasfloden til Brazil.


The noble art


Kampar med «sjokk»-boksaren Mike Tyson. (Foto: ambition.com)Kampar med «sjokk»-boksaren Mike Tyson. (Foto: ambition.com)

Nokre timar seinare på fredagskvelden går eit program som omhandlar det som har blitt kalla «The noble art». Med andre ord boksing. Kvar uttrykket kjem frå skal me ikkje fundera så mykje over, men kl. 21.00 byrjar «Fantastic Fights: Mike Tyson».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Muhammed Ali vil for mange vera den noble som verkeleg løfta boksesporten opp til respektable høgder, med «smartness» både i og utanføre ringen. Mike Tyson blir på eit vis motstykket. Hans inngong og utgong av boksesporten var sjokkerande og kl. 21.00 på Viasat Sport 3 kan du sjå nokre av hans kampar.


Slaget ved Alamo


På laurdag kan du sjå westerndramaet «The Alamo» TV 1000 laurdag kl. 20.00. Slaget ved Alamo er eit av dei viktigaste i amerikansk historie. Ei hending som førde til at staten Texas blei sjølvstendig. Handlinga er frå våren 1836. Fort Alamo vart angripen av den mexikanske diktatoren Santa Anna. Styrkane var i veldig ubalanse. Mexikanarane var ca 4000 mann - dei som forsvarte Fort Alamo var kun 150, deriblant kvinner og barn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I slaget, som vara frå 23. februar til 6. mars, døydde western-legendene Jim Bowie og Davy Crocket, som for ein del endå i dag vil vera kjende. Historia fortel at kun 4 personar overlevde angrepet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Texanerane tapte slaget, men vann krigen. 22. april same år blei diktator Santa Anna tvunge til å underteikna fredsavtale med general Houston. Filmen er ei gjenskaping av desse historiske hendingane, omtala som ein storfilm av episke dimensjonar.

Meir western


John Wayne som den kranglevorne feltmarskalken Rooster Gogburn. (Foto: mvps.org)John Wayne som den kranglevorne feltmarskalken Rooster Gogburn. (Foto: mvps.org)

Fra historisk drama til eventyr. På TV 1000 Classic kl. 21.50, kan du fortsetje i western-genren. Her sendes «True Grit», der John Wayne spelar den kranglevorne feltmarskalken Rooster Gogburn. Ein som har ei særs avslappa haldning til arbeidet sitt. Han likar seg best heime i staden for å farte rundt for å fakke lovbrytarar.

Ein dag møter han tenåringen Mattie Ross, som treng hjelp for finna dei som drap faren og stal pengane deira. Mattie Ross leiger Rooster Gogburn til å hjelpa seg. Saman dreg dei for å leite opp bandittane. Ein film som kombinerar western med latter og kjensler.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein myteomspunnen mann


Nostradamus er eit namn mange kjenner til. Hans skrifter har blitt lese og tolka i mange ulike retningar. Kven var han? Kva sa han? Har han noko å seie i vår tid - eller? Nokon hevdar han profetert om den franske revolusjon og 2. verdskrig. Uansett er Nostradamus, eller Michel Notredame, ein myteomspunnen mann.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ynskjer du å supplera myta med fakta kan du sjå programmet som går på Visat History søndag kl. 08.00. Dette er ein britisk dokumentar frå 1999.

Månadens tilsette


Frå mystiske myter til kolsvart komedie. «Employee of the month» er ein film i generen komedie og drama. Hovudpersonen får livet sitt snudd trill rundt. Han er lykkeleg forlova, har ein god stilling i ein bank og alle dei venene han kan ynskja seg.

På kort tid misser han alt saman. Arbeidet, forloveden og venene. For å toppa det heile kjem han og på kant med lova i det han endar med å rana sin eigen bank. Korleis dette ender kan du sjå på TV 1000 søndag kl. 20.00.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kven brende Roma?


Kven tende på Roma? Brannen var ein katastrofe for heile Romerriket. (Foto: channel4.com) Kven tende på Roma? Brannen var ein katastrofe for heile Romerriket. (Foto: channel4.com)

TV-helga avsluttast med historie. Me skal attende til Romerriket og hovudstaden Roma. Denne byen har vore sentral i fleire årtusen. Ei av dei verkeleg store og destruktive hendingar Romerriket og byen Roma gjennomlevde var ein storbrann. Spørsmålet er: Kven tende på?

Keisar Nero har til alle tider vore peika ut som den skyldige. Han hadde motiva; å øydeleggja sine motstandarar og rydda vegen for det gyldne palasset sitt. Brannen rasa i 9 dagar og la øyde heile 10 av Rom sine 14 distrikt. Dokumentaren «Who Burnt Rome?» tek føre seg hendinga og spørsmåla. Søndag kl. 23.00 på Viasat History.

God TV-helg!


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving