Noregs Mållag svarte lesarane!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva er lov, godteke eller akseptert i nynorsk? Og kven er det som skal avgjere om du vinn førstepremien i skrivetevlinga? Lesarane spurde og Mållaget svarte.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Noregs Mållag)(Foto: Noregs Mållag)

I det første nettmøtet vi hadde

16. februar

, fekk

Noregs Mållag

litt av kvart å bryne seg på. Etterkvart utvikla nettmøtet seg nærmast til ein debatt om det nynorske språket!

Noreg Mållag sine språkekspertar svarte på fleire spørsmål her hos oss i nettmøte torsdag 2. mars frå klokka 17:00 til 19:00.


Dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen og organisasjonskonsulent Magnus Bernhardsen, var dei to som svarte lesarane denne gongen.

Nettmøtet er avslutta!

Men vi skal ha endå eitt, den 16. mars. Så viss du har spørsmål om skriving, nynorsk, språkpolitikk, kommareglar... Send inn spørsmåla dine til

Skrivetevling@startsiden.no.




  • Hei
    Eg lurte på om det er mest riktig å skrive «jippi» eller «hurra» på
    nynorsk? Eventuelt eit anna endå betre alternativ.
    :o)

    Helge

Svar:
Hei
I norrønt hadde ein verbet å hurre. Det tyder å suse rundt, dundre, jage etter noko med ståk og skrål. Det kan ha same opphav som «hurra» som vi også kjenner frå engelsk og tysk.

Jippi er eit låneord frå engelsk/ amerikansk.

Båe orda er greie å bruke i norsk, men «hurra» har nok lengre tradisjon i norsk språk, om det var det du var ute etter.

Helsing Gro og Magnus

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Hei!
    Eg har eit rettskrivingsspørsmål som de sikkert kan hjelpe meg med: Korleis veit ein kva for preposisjon ein skal bruke før stadnamn? Kvifor heiter det til dømes «på Os» men «i Oslo». Det kan jo ikkje vere så enkelt som by / bygd, sidan «på Os» tyder at ein er på sjølve Osøyro, medan «i Os» tyder at ein er i Os kommune. Nei, dette skjønar eg ikkje.

    Og kva med stader eg aldri har vore!?!? Finst det nokon regel for dette?

    Beste helsing Tarjei Vågstøl

Svar:
Hei
Hovudregelen er at ein bruker preposisjonen i. Eitt av unntaka gjeld fjelltoppar, øyar, øygrupper og øystatar, der vi skal bruke «på» (med nokre få unntak:)). Eit anna unntak gjeld bydelsnamn. Dei får «på» fordi dei oftast er gamle gardsnamn.

Eit tredje unntak er namn i Noreg som har tradisjon for «på». Desse er bl.a.: på Bryne, på Geilo, på Helgeland, på Kongsberg, på Lillehammer, på Lindås, på Molde, på Møre, på Oppdal, på Ringerike, på Rjukan, på Romerike, på Røros, på Sortland, på Stabekk, på Steinkjer, på Toten, på Tynset, på Vennesla, på Voss, på Åndalsnes, på Ås.

Om det er stader du aldri har vore, og det ikkje er bydelar, øyar eller fjelltoppar, er det altså tryggast å bruke «i».

Helsing Gro og Magnus

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Gjer det noko at eg krydrar med litt engelske ord, der det passar inn?

    Tone

Svar:
Hei
Du veit sjølv korleis du vil skrive. Det kan likevel tenkjast at det verkar negativt om du bruker for mange engelske ord der det hadde passa akkurat like godt med norske.

Helsing Gro og Magnus.

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Når er det rett å bruke ar- ending og når er er det rett å bruke er- ending? Er det slik at Kongen skal ha stor K, men ikkje stortinget?

    Sindre

Svar:
Hei
Det er mykje å gå igjennom når det gjeld endingar. Det er m.a. hovudregelen at hankjønnsord får ar- ending i fleirtal, medan hokjønnsord får er-ending (altså gutar og jenter). I verbbøyinga er det slik at verb som får a-ending i fortid, får ar-ending i notid, medan verb som får te- eller de-ending i fortid, får er-ending i notid. Døme ar-ending: hoppe - hoppar - hoppa - har hoppa.

Døme er-ending: tenkje - tenkjer - tenkte - har tenkt. Ofte kan ein finne ut kva som er rett i presens, nettopp ved å «teste» for seg sjølv kva som høyrest rett ut i preteritum. Det er nokre unntak frå desse hovudreglane. Den viktigaste er at hannkjønsord som ender på -nad, skal ha er-ending i fleirtal (ein søknad - fleire søknader). Hokjønnsord som endar på -ing har også uregelrett bøying. Mønsteret der er slik: ei setning - setninga - setningar - setningane.

Kongen skal ha stor K dersom ein talar om institusjonen, men ikkje om ein talar om personen. Det heiter Kongen i statsråd, men det heiter kong Harald eller «I går vart kongen bestefar». Det same gjeld for storting og regjering. Vi bruker stor bokstav når vi snakkar om institusjonane. Vi bruker liten bokstav når omtalen er meir ålmenn. Altså Stortinget, men eit storting. Og «Regjeringa gjorde framlegg om ...» men «Den regjeringa vi har no...»

Helsing Gro og Magnus

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
  • Eg er ikkje så go på rettskriving, har litt dysleksi. Men vil så gjerne vere med på konkurransen!for eg liker veldig godt å dikte og bruke hjerna på å lage historier. Teller rettskriving masse? Kan mamma eller pappa rette den før eg leverer?

    Beate

Svar:
Hei
Klart du kan vere med! Som vi har svart i andre spørsmål, juryen vil nok vurdere både språk og innhald i oppgåvene. Men du står sjølvsagt heilt fritt til å få nokon til å hjelpe deg med rettskrivinga før du leverer.

Helsing Gro og Magnus


  • Er det samme kva eg skriv om?

    Vetle

Svar:
Hei
Du må sjølvsagt skrive ei oppgåve som svarer på oppgåveteksten «språket mitt». Men du står fritt til å velje sjanger og vinkling sjølv.

Helsing Gro og Magnus


  • Hva er vitsen med denne konkurransen? Og hvor mange stiler regner dere med å få inn i grunn? Lykke til alle sammen, uansett!

    Birgitte

Svar:
Hei
Vi har laga til konkurransen i samband med at vi har hundreårsjubileum i år. Vi ønskte å engasjere elevar i å skrive ei oppgåve om språk. Den beste måten å gjere det på er vel å lage ein konkurranse av det, slik at det er fine premiar i vente for vinnarane? Vi har ikkje stipulert kor mange stilar det vil kome inn. Til no har det kome mellom 20 og 30 stilar, men det er jo fleire veker att enno.

Helsing Gro og Magnus.

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Har også lyst å være med!
    Kan jeg skrive på bokmålsdialekt?
    Tony

Svar:
Hei
Du kan skrive på dialekt, same kva dialekt du har.

Helsing Gro og Magnus.


  • Hei, Mållaget!
    Er litt smånervøs, korleis er juryen, kven er dei og kva bakgrunn har dei?

    Nysgjerrig

Svar:
Hei
Juryen er Torlaug Løkensgard Hoel, Gudleiv Forr og Gudrun Kløve Juuhl.
Hoel er professor i norskdidaktikk ved NTNU i Trondheim. Forr er seniorkommentator i Dagbladet. Juuhl er aktiv målungdom, mastergradstudent i norsk og har sjølv produsert ein del skjønnlitterære tekstar i ulike tidsskrift. Vi synes det er flott at så dyktige folk vil sitje i juryen og vurdere oppgåvene som kjem inn.

Helsing Gro og Magnus


  • Kven har fasiten på kva som er riktig nynorsk? Er det virkelig lov å
    skrive dialekt?
    Katrine

Svar:
Hei
Nynorsken vil bli vurdert ut frå kva som er tillate i rettskrivinga. Dvs at alt som står i ordboka er rett nynorsk. Det er heilt rett at det er lov å skrive på dialekt. Men det kan kanskje vere like enkelt å skrive nynorsk, så har ein ei norm å rette seg etter.

Helsing Gro og Magnus

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Er det fyrste gong dokke steller i stand ein slik konkurranse?
    Anne-Line

Svar:

Hei
Ja, det er fyrste gongen, i alle fall som vi kjenner til. Men det er mange av lokal-og fylkeslaga våre som har eigne skrivetevlingar i området sitt.

Helsing Gro og Magnus

Artikkelen fortsetter under annonsen



  • God kveld!
    Synes det er litt vanskeleg å skrive nynorsk, sidan ting endrar seg. Til dømes er eg van med å skrive hjå og medan, men det er likevel lov å skrive hos og mens. Det er lett å blande når begge er lov. Kor strenge er juryen på gjennomgåande språk? Og kva er best å skrive, litt sann gamal-nynorsk, eller?

    Per-Kristian

Svar:
Juryen har ikkje fått instruksar om kor mykje vekt dei skal leggje på det reint språklege. Dei vil vurdere oppgåva ut frå ein heilskap der både språket og innhaldet er med. Du kan ha rett i at ein del ting har endra seg i nynorsknormalen.

Vi synes du skal skrive den nynorsken du sjølv er van med og trivst med å skrive. Om det er «gamal» nynorsk eller noko anna, det vurderer du best sjølv.

Helsing Gro og Magnus

  • Hei!
    Er det fordel å skrive på dialekt eller skal eg skrive reint nynorsk? Kva likar dokke best og korleis avgjer dokke kva som er rett og gale? Er det slik at juryen kan like godt alle dialektar? Korleis kan eg vere sikker på at dei forstår mi dialekt, alt eg skriv og ord og sånn som eg tek med?

    Helsing Anne 13 år.

Svar:
Hei

Du kan nok vere trygg på at juryen skjønar dialekten din eller kan skaffe seg greie på dei orda dei eventuelt ikkje skjønar. Det kan kanskje likevel vere lurt å skrive nynorsk sidan det er noko du skal vurderast i på skulen? Det er jo gjerne slik at til meir ein skriv, til betre blir ein.

Helsing Gro og Magnus


  • Spørsmål: finst det noko hugseregel for kva tid ein brukar gong eller gang?

    Sindre

Svar:
Hei
Gong bruker ein for å talfeste noko og om storleik / mengd ift noko anna. Døme: Det var den eine gongen eg kom for seint. Eg har vunne fleire gonger. Ho trener tre gonger så mykje som han.

Gang bruker ein for å omtale rørsle eller drift. Døme: Toget er i gang. Kome i gang med arbeidet. Ein bruker også gang når ein meiner det fysiske rommet som ein gjerne har rett innom inngangsdøra i eit hus. Dessutan bruker ein gang om det å gå. Det heiter altså ganglag, kappgang, gangen rundt juletreet osb.

Helsing Gro og Magnus

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Jeg synes det er vanskelig å skrive korte setninger og så får jeg klager på at jeg ikke bruker komma. Men hvordan skal jeg bli bedre når jeg liker å skrive langt.

    Hilsen Smily

Svar:
Hei
Vi er alle ulike i måten vi liker å formulere oss på. Det er ikkje «feil» med lange setningar så sant du bruker komma der det skal vere. Det viktigaste er at innhaldet er lett å få med seg for dei som skal lese det du skriv. Med det utgangspunktet kan det ofte vere gunstig å prøve å bryte opp dei lengste setningane.

Helsing Gro og Magnus


  • Jeg lurer på hvorfor vi skriver januar og februar og sånt med liten
    forbokstav. Er ikke det navn?

    Lurine

Svar:
Hei
Det er definerte reglar for kva som skal ha stor og liten forbokstav i norsk. Hovudregelen er at eigenamn skal ha stor forbokstav. Men, men.. Namn på m.a. folkeslag, dyr, vekstar, sjukdomar, dagar, månader, årstider, høgtider skal ha liten forbokstav.

Helsing Gro og Magnus.


  • Eg har skrive nokre noveller på skulen, kan eg bruke dei om igjen?
    Og kan me sende inn fleire enn eit bidrag?

    Beste helsing Camilla

Svar:
Hei
Vi har ingen sjanse til å kontrollere om tekstar er nyskrivne eller ikkje.
Derfor kan du sjølvsagt bruke ei oppgåve du alt har skrive, så sant oppgåva høver til oppgåveteksten «språket mitt».

Helsing Gro og Magnus


Artikkelen fortsetter under annonsen
  • Blir man sensurert eller diska viss eg bruker stygt språk viss det
    trengs i historia mi?

    Helsing Karoline, 15 år

Svar:
Hei
Vi har ikkje gjeve juryen instruksar om kva dei skal akseptere og ikkje av språk. Diska blir du nok ikkje. Du må nesten sjølv vurdere i kva grad eit «stygt» språk er naudsynt for at oppgåva di skal bli slik du vil presentere henne.

Helsing Gro og Magnus

  • Kainn æ skriv på dialækt?

    Trøndern

Svar:
Hei! Ja, du kan skrive på dialekt i skrivetevlinga.

Helsing Gro og Magnus.

  • Hvor viktig er det at jeg skriver rett komma og sånt?

    Koz Hege, 13 år

Svar:
Hei
Juryen for skrivetevlinga vil nok vurdere både innhald og språk i oppgåvene. Gjer så godt du kan. Om oppgåva elles er god og det berre er nokre kommafeil det står om, går det sikkert bra!

Helsing Gro og Magnus