Nettmøte: Treng du hjelp til å skrive?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noregs Mållag er tilbake og klare for nettmøte. Send inn spørsmål no!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Hege Lothe)(Illustrasjonsfoto: Hege Lothe)

Noregs Mållag feirar 100-årsjubileum i 2006 og inviterer alle elevar ved ungdomsskular og vidaregåande skular til å vere med å setje preg på jubileet gjennom ei skrivetevling.

Tittelen på oppgåva er: «Språket mitt». Du står fritt til å velje innhald og sjanger slik du sjølv ønskjer, men teksten må vere på nynorsk eller dialekt. Det vert ikkje sett karakter på teksten din.

Vil du ha hjelp til skriving og rettskriving?


Noregs Mållag sine språkekspertar stiller til nettmøte, nummer to i rekkja, i ettermiddag (torsdag) frå klokka 17:00 til 19:00. Det første nettmøtet skapte debatt, diskusjonen kan du lese her.

Gro Morken Endresen er ein av ekspertane som vil svare deg i ettermiddag.Gro Morken Endresen er ein av ekspertane som vil svare deg i ettermiddag.

Dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen og organisasjonskonsulent Magnus Bernhardsen, vil gjere sitt beste for å svare deg på alt du lurer på om dialekt, rettskriving og elles alt du lurer på med oppgåva du vil skrive om språket ditt. Eller kanskje har du rett og slett noko du skulle ha sagt i nynorskdebatten?

Allereide no kan du stille spørsmåla du lurer på, slik er du sikker på å få svar! Send inn spørsmåla dine til

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skrivetevling@startsiden.no.


Flotte premiar

I skrivetevlinga vert det peika ut vinnarar i to klasser: ungdomsskulen og vidaregåande skule. Det vert kåra ein vinnar i kvar klasse, i tillegg vert det delt ut andre og tredje premie.


1. premie: Ein berbar PC frå www.startsida.no

2. premie: Eit digitalkamera frå Eurofoto

3. premie: Eit vevkamera med hovudtelefon og mikrofon frå Komplett Data

Biletet er teke 11.september 1871 og er det eldste biletet av Ivar Aasen. (Foto: Nynorsk Kultursentrum)Biletet er teke 11.september 1871 og er det eldste biletet av Ivar Aasen. (Foto: Nynorsk Kultursentrum)

Førstepremievinnarane av kvar klasse vert inviterte til premieutdeling på Dei Nynorske Festspela i Volda og Ørsta, frå 21. til 25. juni 2006.

Omfang


Lengda på oppgåva skal vere frå om lag 1 til 3 A4-sider, 12 punkt, halvanna lineavstand.

Juryen


Det er ein jury som skal kome fram til kven som har skrive dei beste tekstane. Dei tre heiter Gudleiv Forr, Torlaug Løkensgard Hoel og Gudrun Kløve Juuhl.


Innleveringsfrist for oppgåva er fredag 7. april 2006, fredag før påske.

Fikk du ikkje med deg forrige nettmøte? Det finn du her

Les meir:

  • Om skrivetevlinga her

  • Om Noregs Mållag her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving