Lynkurs i marxisme

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skal du sjå filmen «Gymnaslærer Pedersen», så kan det gjerne vere greitt å ha klart for seg nokre av -ismane ein møter i filmen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Gymnaslærer Pedersen» går i desse dagar på kino, og er ei filmatisering av Dag Solstad si bok ved same navn. (Foto: filmweb.no)«Gymnaslærer Pedersen» går i desse dagar på kino, og er ei filmatisering av Dag Solstad si bok ved same navn. (Foto: filmweb.no)

Veit du kanskje akkurat kva Marx og Lenin stod for eller kven FNL var? Me skal hjelpe deg eit stykke på veg, og presenterer her eit knippe omgrep og nokre namn det kan vere greitt å ha med seg.

AKP (ml):

Står for Arbeidernes Kommunistiske Parti (marxist-leninistene). Hjå marxistane står dette med kven som skal eige produksjonsmidla som eit av dei mest grunnleggjande tankane.

I følgje Karl Marx blir det feil at borgarskapet skal eige produksjonsmidla. Det er fellesskapet som skal eige produksjonsmidla. Målet er å få eit klasselaust samfunn kor alle yter etter evne og får etter behov.


Borgarskapet:

Det strides litt om kva klasse i samfunnet som kan kallast borgarskapet, men ofte tek ein her med fabrikkeigarar, advokatar, legar, skipsreiarar osb. Kallast og «le bourgeois» eller «bursjoasiet».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Formann Mao vekkjer framleis store kjensler, på godt og vondt, i Kina. (Foto: globalsecurity.com)Formann Mao vekkjer framleis store kjensler, på godt og vondt, i Kina. (Foto: globalsecurity.com)


FNL:

Den nasjonale frigjeringsfronten i Vietnam (Front National de Liberté eller Viet Cong). Viet Cong kjempa for frigjering frå kolonimakta Frankrike.

Imperialisme:

Imperialsime tyder å legge under seg land og få herredømme over dei. Storbritannia vert ofte halde fram som eit typisk døme på ein imperialistisk stat etter at dei la under seg mange koloniar i Austen på 18- og 1900-talet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kapitalisme:

Er eit system som baserer seg på varer i byte mot pengar, altså kor dei som har pengar får eige t.d. produksjonsmidla.


Karl Marx:

Marx var ein russisk-tysk filosof som levde mellom 1818 og 1883. Saman med Fredrich Engels skreiv han mellom anna «Det kommunistiske manifest».

Lenin vert som regel ikkje kalla anna enn ved sitt etternamn; Lenin. (Foto: bibl.u-szeged.hu)Lenin vert som regel ikkje kalla anna enn ved sitt etternamn; Lenin. (Foto: bibl.u-szeged.hu)

Artikkelen fortsetter under annonsen


Lenin:

Vladimir Iljitsj Uljanov Lenin var Sovjetunionen sin leiar på byrjinga av 1900-talet. Lenin var og er kjent og akta som ein dyktig politikar.

Mao:

Mao Zedong, eller Formann Mao som han og vart kalla, leia Folkerepublikken Kina sitt kommunistparti i 40 år, fram til 1976. Han gjennomførde mange revolusjonar i Kina og sytte for at folket fekk utdanning, mat og arbeid. Samstundes var han nådelaus mot alle som var motstandarar av kommunismen.

Produksjonsmidlar:

Det handlar mykje om produksjonsmidlar når ein snakkar om kommunisme og marxisme.

«Fram kamerater, til opprør maner vår røde fane...» (Foto: rucelawson.co.uk)«Fram kamerater, til opprør maner vår røde fane...» (Foto: rucelawson.co.uk)

Produksjonsmidlar er det du treng av reiskap og råmateriale for å produsere noko. Det kan vere ting som hammar, sag, plog, traktor, bomull osb.


Proletariat:

Proletariatet (altså arbeidarklassen) er avhengig av å selje arbeidskrafta sine til borgarskapet, fordi dei sjølve ikkje eig produksjonsmiddel.

Redaksjonen gjer merksam på at dette er svært forenkla og kort fortalt, men håpar du har fått litt bakgrunn å ta med deg inn i kinosalen.

Vil du setje deg enno meir inn i desse emna, kan du sjå i faktaboksen under her. Snurr film!


Kjelder:

Meir om «Gymnaslærer Pedersen» i Neste Klikk:

Marxisme er ein eigen kategori hos ABC Startsida.





Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving