Meny

Frå fest til faste

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Til helga er det fastelavn, med fastelavnsris, fastelavnsbollar og karneval. Men visste du at fastelavn i gamle dagar varte i heile tre dagar?

Karnevalstradisjonen heng og saman med fastelavn. (Foto:hobbybiks.de)Karnevalstradisjonen heng og saman med fastelavn. (Foto:hobbybiks.de)

Søndagen vert kalla fastelavnssøndagen eller fleskesøndagen. Då skulle ein etter gammal skikk ete og fråtse, og det skulle sikre mattilgangen for heile året.

Framleis et vi nokså kaloririke fastelavnsbollar denne dagen, noko som sikkert heng igjen etter tradisjonen med fleskesøndagen.

Blåmåndag


Dagen etter fråtsefesten på søndag, vart i gamle dagar kalla blåmåndag. Dette namnet brukar vi framleis på ein dag der me er slitne etter å ha feira dagen før. Men opprinneleg var det altså måndagen etter fleskesøndagen som var blå.

Korleis blåmåndagen blei feira, er kjeldene ikkje samde om. Enkelte meiner at denne dagen skulle ein ete skrint og dårleg, mens andre meiner at blåmåndagen blei kalla fleskemåndag, og at ein berre skulle fortsetje fråtsinga. Det kan vel hende at begge deler har vore praktisert, og at ikkje alle hadde råd til fråtsing i tre dagar til ende.

Feittysdag


Dei deilige, feite fastelavnsbollane passar bra på fleskesøndagen. (Foto: Tine)Dei deilige, feite fastelavnsbollane passar bra på fleskesøndagen. (Foto: Tine)

Etter den blå måndagen kjem nemleg feittysdagen. Dette er den siste dagen før fasten set inn, og då gjalt det igjen å ete feit mat, som kjøtt og flesk, kjøttmølje eller rømmegraut.

Ein åt gjerne to store middagsmåltid denne dagen, noko som sikkert kunne bli litt i meste laget for fattigfolk som ikkje var vane med å ha stort på bordet. Denne dagen blir framleis feira i mange land, på fransk heiter feittysdagen Mardi Gras, og på engelsk Pancake Tuesday.

Karneval


Også karnevalstradisjonen heng saman med fastelavn. I samband med etinga og fråtsinga kledte ein seg ut, og dansa og drakk. Sjølve ordet karneval stammar frå italiensk, og betyr farvel til kjøtet.

Askeonsdag


På onsdag byrja altså fasten. Då gjekk ein i kyrkja, der presten teikna eit kors av aske i panna på alle i kyrkjelyden, og strødde aske i håret deira. Korset skulle ikkje vaskast bort før på skjærtorsdagen, altså over ein månad seinare! Det har og vore tradisjon å ete vond og dårleg mat på denne dagen, gjerne med litt aske strødd over. Heilt til slutten av 1800-talet var denne skikken vore levande i Noreg.

Fasten varte til påske, og var ei tid då ein skulle kle seg i sekk og aske, faste og tenkje over forholdet sitt til Gud for å førebu seg på kyrkjeårets største høgtid.

Feirar du?


Korleis feirar du fastelavn? Kler du deg ut? Et du til du nesten sprekk? Skal du bake bollar? Har du noko forhold til fastetida? Skriv gjerne ein kommentar under her!

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus