Meny

Ris for dei barnlause

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Førstkommande helg er det fastelavn. Då kan du pynte med bjørkeris med fargerike fjør. Sanitetskvinnene har produsert og selt risa i 60 år.

Fastelavnsriset pyntar opp, og om ei stund kjem det koselege grøne blad. (Foto: sanitetskvinnene.no)Fastelavnsriset pyntar opp, og om ei stund kjem det koselege grøne blad. (Foto: sanitetskvinnene.no)

Ordet fastelavn kjem frå det tyske Fastenabend, altså kvelden før fasten byrjar. Fastelavnssøndagen vert også kalla fleskesøndag, då skulle ein ete godt for å feite seg opp til fasten.

Ein gammal skikk seier at ein skulle ete 9 gonger i kvart hjørne av stova, riktig fråtse altså, så skulle ein vere sikra mat resten av året. Skikken med fastelavnsbollane som vi framleis kosar oss med, er ein rest frå denne tradisjonen.

Smerte og fornekting


Etter fastelavenssøndagen kjem blåmandag, feit-tirsdag og askeonsdag. Så kjem sjølve fasten, som er dei siste 40 dagane før påske. Då skal ein etter tradisjonen leve spartansk og tenkje over forholdet sitt til Gud. Smerte og fornekting av kjødelege behov hører også med til denne tida.

Ris til dei barnlause


Fastelavnsriset er ein gammal skikk frå lenge før kristendommen kom til Noreg. Ein trudde at uutsprunge bjørkeris hadde fruktbarheitskraft i seg. Både dyr og barnlause kvinner kunne få seg ein omgang med riset, som skulle gjere det lettare å bli gravid og føde. Bjørkeriset kunne også hjelpe marka med grøda. Det har også vore tradisjon at barna fekk rise foreldra sine på fastelavnssøndagen.

Uklar samanheng


Kva riset har med fastelavn å gjere er visst noko uklart, men det kan ha noko å gjere med Jesu vandring i ørkenen, og med eit synleg uttrykk på at ein tar fastebodskapen alvorleg.

Sel ris for ein god sak


Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) har 110 års-jubileum på fastelavnssøndagen i år, samstundes med at fastelavnsrisa deira fyller 60 år. Sidan 1946 har kvinner over heile landet plukka og fletta fastelavnsris og pynta dei med fargerike fjør. I dag vert det selt rundt 260 000 ris på landsbasis.

Aksjonen er ein av hovudinntektskjeldene til organisasjonen, og har dei siste åra bidratt med nesten 80 millionar kroner som blir brukt til gode føremål i lokalsamfunna.

Ballbinge og orgel


Oppegård og Myrvoll Sanitetsforeining i Oppegård kommune fekk inn 41. 000 kroner på fastelavnsrissalet i fjor. I år skal inntektene gå til ballbinge ved Greverud Skole, og eit elektronisk orgel til Greverud Sykehjem.

Sjå etter dei fargerike risa med kløvermerke på, og støtt ei god sak i lokalsamfunnet ditt når du pyntar til fastelavn.

Kjelder:

Østlandets blad

,

Moss Dagblad

og

Høgskulen i Volda


Les meir på nettet:


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus