Mi TV-helg (19): Langdistanse-helga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Femmil, tremil og titusenmeter. Dette er helga for dei med kondis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre gler seg, andre er på gråten. Men til helga er det uansett slutt på dei olympiske leikane i Torino.

Denne helga er siste kraftprøve for skidamene og -mennene. (foto: NRK)Denne helga er siste kraftprøve for skidamene og -mennene. (foto: NRK)


Og på slutten kjem dei lange distansane, både for kvinner og menn - tremil og femmil på ski, fem tusen og ti tusen meter på skeiser.

Vil du ha med deg alt dette, får du ein lang distanse du også - i sofaen.

Fredag


Det lengste kvinnelangrennet går fredag føremiddag. Klokka 11.10 er NRK1 sitt OL-studio klart med 30-kilometeren.

Utpå ettermiddagen er det klart for ti tusen meter skeiser for menn, på NRK1 frå klokka 14.55. Og mennene i trikot er ikkje ferdige før til barnefjernsyn 18.10.

Tøys og politi


Men det er ikkje berre idrett og OL for deg som vil sjå på fjernsyn i helga. Heldigvis, seier du?

Dei barske politifolka i Australia rekk å ta seg av litt kriminalitet også, innimellom alle dei romantiske intrigane. (foto: Shaney Balcombe)Dei barske politifolka i Australia rekk å ta seg av litt kriminalitet også, innimellom alle dei romantiske intrigane. (foto: Shaney Balcombe)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Fredagskvelden er ikkje den same utan «Nytt på nytt». I alle fall ikkje for skodespelar Lise Fjeldstad og forfattar Jostein Gaarder, som er gjester i tøyseprogrammet denne gongen. Du ser dei på NRK1 klokka 20.55.

Dersom du ikkje er fjernsynsmett etter ein halvtimes nyhende-tøysing, så går både «Politiagentane» og «Seks fot under» på same kanalen utover kvelden.

I den australske politiserien som byrjar 22.15 er framleis krimsakene ramma rundt romantiske forviklingar mellom dei tøffe og smarte politifolka. Derimot er det ein skummel draum som står i sentrum i den litt merkelege amerikanske serien frå gravferdsbyrå-miljø klokka 23.30.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange har meiningar om Dag Solstad sitt forfattarskap, og no tek han ordet sjølv også. (foto: tv2)Mange har meiningar om Dag Solstad sitt forfattarskap, og no tek han ordet sjølv også. (foto: tv2)



Laurdag


Lat oss ta idretten fyrst: Fem tusen meter skeiser for kvinner avrundar dei olympiske leikane for denne idretten, og du ser det på NRK1 klokka 16.25.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mann utan fortid


Ein kar som gjerne ser skeisesport er forfattaren Dag Solstad. Men denne laurdagen er han sjølv på skjermen, i programmet «Mann uten fortid» på TV2. Her diskuterer Solstad både forfattarskapen og filosofien sin, og det skulle vera nok å ta av til å fylla tida frå 14.05 til 15.00.

Heidi Andersson er oppvaksen i øydemarka og fører vidare slektstradisjonen med handbak. Slikt vert det film av. (foto: NRK)Heidi Andersson er oppvaksen i øydemarka og fører vidare slektstradisjonen med handbak. Slikt vert det film av. (foto: NRK)


Lola spring


Om ikkje dette får adrenalinet på topp, er det meir spaning å få andre stader. Klokka 21.10 på NRK2 går den tyske filmen om Lola som spring og spring.

«Lola rennt!» frå 1998 handlar om Manni som har rota vekk ein halv million kroner, og det er berre Lola og bankdirektør-far hennar som kan hjelpa. Men ho har berre 20 minuttar på seg…

Sterke armar


Dersom du er av det slaget som kan programmera dvd-opptakaren, kan du samstundes få med deg «Fakta på laurdag» på NRK1.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Klokka 22.15 kjem nemleg «Armbryterskan från Ensamheten», ein dokumentar om Heidi Andersson, som er fødd inn i skogsarbeidarmiljø og fører vidare tradisjonen med å bryta handbak. Såpass at ho er fire gongar verdsmeister. Au, au.

Før i tida var finnen Juha Mieto alltid med på femmila. Men det er visst lenge sidan. (ill.: www.soneraplaza.fi)Før i tida var finnen Juha Mieto alltid med på femmila. Men det er visst lenge sidan. (ill.: www.soneraplaza.fi)

Artikkelen fortsetter under annonsen


Smugling for vidarekomne


Og skulle du ikkje ha slite ut sofaen enno, har du alltids filmen «Jackie Brown», om flyvertinna som smuglar pengar som attåtnæring.

Men så knip FBI henne på fersken, og dei tvingar henne til samarbeid. Skumle greier, og det er ingen ringare enn Quentin Tarantino som har regien. Dette er på TV2 klokka 23.15. Kvifor tenkjer eg på ein edderkopp no?

Sundag


Vangskyrkja på Voss er staden for fjernsynsgudstenesta på sundag. (ill. voss.kyrkjer.net)Vangskyrkja på Voss er staden for fjernsynsgudstenesta på sundag. (ill. voss.kyrkjer.net)

Ein kjem vel ikkje utanom femmila, det siste olympiske rennet for ski-karane i denne omgang. Det byrjar på NRK1 klokka 9.35, og held på i timevis. Eg lurer på om Juha Mieto er med framleis?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Barnesong frå olympiabygda


Men så er det tid for noko anna. Voss har ikkje berre verdsrekord i tal på olympiske medaljar per innbyggjar, dei lagar også barnegudstenesta denne helga.

Klokka 17.30 på NRK1 kan du sjå songelevar frå Voss kulturskule og ungdomsdiakon Astri Sudmann, som gjer forteljinga om Moses levande for oss.

Ned på kne


Då er det berre å runda av ei lang idrettshelg med å gå ned i kneståande og ta mot applausen. Omtrent som knelaren du møter i «Newton» klokka 18.30 på NRK1.

Knelaren er eit snålt insekt, som har inspirert kung fu-idretten. Det seier i alle fall Newton-redaksjone i NRK (foto: NRK)Knelaren er eit snålt insekt, som har inspirert kung fu-idretten. Det seier i alle fall Newton-redaksjone i NRK (foto: NRK)

Dette raskaste insektet i Austen er berre 15 cm langt, men et både slangar og øgler. Signe maten.

Hugs å rista opp sofaputene.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving