Overskot til fattige

Oscar-nominerte George Clooney opnar kasino til sommaren.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

George Clooney har eit stort hjarte og ei stor lommebok. (Foto: channels-netscape.com)George Clooney har eit stort hjarte og ei stor lommebok. (Foto: channels-netscape.com)

Han er alt, Clooney: kjekk, sympatisk, dyktig og suksessfull.

Med filmen «Good Night, and Good Luck» har han skaffa seg to Oscarnominasjonar for beste film og beste regi. I tillegg til desse to nominasjonane, er han og nominert for beste mannlege birolle for filmen «Syriana».

Omsorg for fattige


Som om ikkje det var nok, følgjer Clooney «kjendisar bryr seg om verda»-trenden når han no opnar eit kasino til sommaren.

Clooney seier nemleg til nettstaden FemaleFirst at han vil la 25 prosent av profitten frå kasinoet gå til dei fattige i Afrika. Akkurat korleis han skal hjelpe dei, seier han ikkje så mykje om.

Ettertrakta


George Clooney er 45 år og har vore i rampelyset sidan han spelte i tv-såpa «Akutten» på nittitalet. Han har etter kvart tatt steget frå å vere ein typisk kjekk, rik og berømt kjendis til å bli høgt respektert for arbeidet sitt både framføre og bak kamera.

Clooney er ein svært ettertrakta ungkar, og for tida verserer det ein del rykter om at han har noko på gang med «Frustrerte fruer»-stjerne Teri Hatcher, men som vanleg held Clooney tett om privatlivet sitt.

Kasinoet Las Ramblas skal gje noko av overskotet til fattige i Afrika. (Foto: phototype.com)Kasinoet Las Ramblas skal gje noko av overskotet til fattige i Afrika. (Foto: phototype.com)


Kjendispartnarar


Kasinoet George Clooney vil investere i er ein del av eit større feriekompleks kalla Las Ramblas og ligg i Las Vegas i Nevada. Prisen på herlegdommen er på heile 3 milliardar dollar.

Frå ulike hald vert det hevda at han skal opne ferieparadiset saman med to andre selebritetar, nemleg Brad Pitt og Rande Gerber (mannen til eksmodellen Cindy Crawford) og at kasinoet skal opne no til sommaren.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus