Ned den einsame gata

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag er det nøyaktig 50 år sidan Elvis fekk sin store hit «Heartbreak Hotel» inn på dei amerikanske hitlistene, og du kan høyre han her.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han hadde sin eigen stil, den godaste Elvis. (Foto: comune.verona.it)Han hadde sin eigen stil, den godaste Elvis. (Foto: comune.verona.it)

Elvis Presley inntok hitlistene med hulk og støn 21. februar 1956, og sidan då har «Heartbreak Hotel» vore ein av dei store Elvis-klassikarane.

Som den såre tittelen indikerer, handlar songen om brukne hjarte og einsam lengting. «I'm getting so lonley I could die.»

Klangfullt


Visste du forresten at det er ganske heftig bruk av noko som kallast reverb i denne songen, og at han er skrive i enkel verseform? Ikkje at det betyr så mykje for nokon, men det kan jo vere at du kan brife litt med denne informasjonen i lunsjen ein dag.

Bu i brennande kjærleik


No er ikkje «Heartbreak Hotel» berre ein songtittel. Ikkje langt frå Elvis' heim Graceland i Memphis, Tennessee ligg hotellet med same namn. Her kan du bu i «Burning Love Suite» eller «Gold and Platinum Suite», viss du har råd til det. Suitane kostar om lag 4 000 kroner per natt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kontorkaraoke


Kunne du tenkt deg å bu i «Burning Love Suite»? (Foto: elvis.com)Kunne du tenkt deg å bu i «Burning Love Suite»? (Foto: elvis.com)

Har du lyst til å høyre heile «Heartbreak Hotel»? Kanskje du vil ha teksten framføre deg for å syngje med? Kva med å få alle mann på jobben med på ei lita syngeøkt, her og no! Trykk her for tekst og her for musikk og kos deg.

«Some people tap their feet, some people snap their fingers, and some people sway back and forth. I just sorta do 'em all together, I guess.»

(Dette sa Elvis i 1956 om den noko kontroversielle måten han dansa på scenen på.)


Gratulerer med 50 -årsdagen, «Heartbreak Hotel»!

Les meir i Neste Klikk:


  • Her finn du fleire artiklar om og rundt Elvis.


ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving