Rekrutterer sidemålsundervisning nynorskhatarar?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er nynorsk berre tull? Treng vi verkeleg nynorsk på skulen? Noregs Mållag svarte lesarane, og det gjekk til tider hett for seg...

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange har noko dei vil seie i debatten om nynorsken og undervisninga i skulane. Noregs Mållag svarte torsdags kveld på spørsmål frå lesarane, og dei fekk jammen litt å bryne seg på.

Er nynorsk nødvendig? Er nynorsk urbant nok til å overleve i dagens samfunn? Blandar vi nynorsk og bokmål om ein annan? Kvifor må eg lære nynorsk? Kva er poenget med nynorsk?

Disse spørsmåla og mange fleire finn du svar på her. Nynorskdebatten engasjerer mange, og det er enno ikkje for seint å vere med å diskutere det nynorske språket.

Det vert fleire nettmøte med Noregs Mållag, neste nettmøtet er torsdag 2 mars, og du kan sende inn spørsmål til språkekspertane på:

skrivetevling@startsiden.no



Dette spurde lesarane om:

  • Det blir sagt at obligatorisk sidemålsundervisning rekrutterer
    nynorskhatere. Hva tror dere vil skje hvis den skriftlige
    sidemålsundervisninga blir gjort valgfri?

    Isak

Då vil først og fremst fleirtalet i Noreg vera utan nynorskkunnskap.
Det har sjølvsagt konsekvensar for korleis nynorsken sin status kan vera,
som alle kan tenkja seg til. Mange av dei som kunne tenkja seg å velja bort nynorsken, vil sikkert hevda at dei får eit «betre» forhold til nynorsk av å sleppa å læra han.

Det dei meiner, er jo at dei får eit «ikkje-forhold» til nynorsken. Det er lett å seia at nynorsk er flott, dersom premissen er at ein sjølv ikkje skal ha noko med han å gjera. På engelsk har dei eit ordtak som heiter «the proof is in the eating». Det høver godt her :) .

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Hei!
    Lurer på kor mange medlemmar Noregs Mållag har? Kostar det noko for å verte medlem?

    Beste helsing Tove

Svar:
Hei. Noregs Mållag har litt over 10 000 medlemer,
ungdomsorganisasjonen vår har om lag 1700. Det kostar 200 kroner det fyrste året ein er medlem, i åra etterpå kostar det om lag 300 kroner. Prisen varierer litt etter kva lokallag ein står i. I Norsk Målungdom kostar det 30 kroner det fyrste året og deretter 50 kroner. Dei organiserer skuleelevar og studentar, primært folk under 26 år.

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Det finnes forfattere og andre skrivende som skriver nært opptil sin muntlige bokmålsdialekt. Det er også «mål», på samme måte som nynorsk, sånn jeg ser det. Hvorfor er Mållaget kun opptatt av nynorske dialekter?

    Hilsen Ida-Sofie, Norheimsund

Svar:
Hei. I Mållaget er vi opptekne av alle dialektar, anten dei vert rekna
som bokmålsnære eller som nynorsknære. Men vi er opptekne av det nynorske skriftspråket, som er det organisasjonen vår er stifta for å arbeida med.

Helsing Gro og Ingar


  • Hei!
    Her er mine spørsmål:
    Heter det «Noregs Mållag» eller «Norges Mållag»? :)

    Hvor mange er det som skriver nynorsk i dag?

    Jeg tenker på ordet «vann». Det kan jo bety både «vatn» og «vass» på nynorsk. Hva er reglene her?

    Hilsen Tina

Svar:
Hei. Det heiter Noregs Mållag (og det heiter Noreg på nynorsk). Om lag
600 000 bruker nynorsk i dag. I grunnskulen er det 90 000 elevar som har nynorsk som hovudmål. På nynorsk bruker vi ordet vass når det er første leddet i eit samansett ord. Døme kan vere vasskjelde, vasskraft og vassflaske. Vi bruker vatn når ordet står åleine, eller når det kjem til sist i eit samansett ord. Det heiter altså kjeldevatn, drikkevatn osb.

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Hei,
    eg har ein venn som er spesielt oppteken av språkhistorie. Han meiner at årsaka til at nynorsk aldri har blitt noko stort språk kjem av at det aldri fekk stort innpass i byane. Altså at det ikkje var/er urbant nok. Ifølgje han gjorde Ivar Aasen ein stor feil då han henta så mykje materiale til nynorsk frå bygder og dalføre.

    Ein annan av kjepphestane til denne kameraten min er at Noreg er det einaste landet i Europa som har to obligatoriske skriftspråk, som ikkje eigentleg er to språk, men to dialektar, som til og med er så like at det er ein vits å måtte læra seg begge. Har han rett i dette?

    Han meiner at folk i Europa ler av Noreg på grunn av dette, fordi landet vårt verkar bondeaktig og ukulturelt sett med europeiske auge. Eg kan jo leggja til at vennen min er ein bokmålsfrik, for ikkje å seia meir på riksmålssida, og at han bur i eit anna europeisk land for tida og meiner at han kan sjå Noreg «utanfrå». Eg skulle gjerne ha nokre argument som gjer at eg kan diskutera dette med han. Kva seier mållaget til dette?

    Veronika

Svar:
Det kan nok vera ein del rett i at kampen mellom nynorsk og bokmål har
vore kampen mellom «folket» og «eliten». I det perspektivet er det ganske imponerande at nynorsken har fått det fotfestet han har. Det er elles ein myte at utbreiinga av nynorsk samsvarar med dialektgrunnlaget. Dei mest nynorsknære dialektane finn ein i Nord-Noreg, der nesten alle skriv bokmål. Ivar Aasen var i alle landsdelar då han samla dialektprøvar. Det er mange som trur at nynorsken byggjer mest på talemålet i dei delane av landet som i dag skriv mest nynorsk, men slik er det altså ikkje.

Om kameraten din meiner at Noreg er det einaste landet som har to svært like språk, tek han feil. I Nederland har dei også frisisk, som er svært likt nederlandsk (offisielt språk og obligatorisk i den regionen). I Spania har dei kastilliansk (det vi kallar spansk) og katalansk. Dei to språka er ganske like og om du vil arbeida innanfor Katalonia (regionen kring Barcelona), må du bruka katalansk. I gamle Tsjekkoslovakia hadde dei både tsjekkisk og slovakisk som obligatoriske språk. Skilnaden mellom dei to språka er langt mindre enn skilnaden mellom norske dialektar (og alle elevar måtte læra båe to). Skilnaden på serbisk og kroatisk er i hovudsak at det fyrste bruker kyrilliske bokstavar og kroatane bruker latinske bokstavar. Slik kunne vi halde på ... det er nok meir normalt å både ha fleire språk og å krangle om dei, enn det motsette.

Den einaste kommentaren vi kjenner til frå europeisk hald dei siste åra, kom frå Europarådets ekspertkomité, som laga ein «language policy profile» for Noreg i 2001. Dei uttalte då at dei såg med undring på at språkmangfaldet i Noreg tydelegvis vart oppfatta som eit problem, for dei såg på det som ein ressurs.

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Hei!

    Eg har 2 spørsmål: Korleis kan ein gjera nynorsken meir tilgjengeleg for folk flest?

    og

    Korleis gjera nynorsken så brukarvenleg at alle, til og med dei som ikkje har fått språket inn med morsmelka, kan nytta det utan å kjenne seg usikre og dumme?
    Takk for svar!

    Kjetil

Svar:
Hei. Nynorsken blir meir tilgjengeleg om han kan brukast over alt. Vi
laga m.a. ein kampanje i fjor mot Dagbladet og VG, der slagordet var «slepp nynorsken til». I desse avisene og i store delar av næringslivet er det i praksis forbode å skriva nynorsk. Det er også svar på det andre spørsmålet ditt.

Den einaste måten folk kan kjenna seg sikre i nynorsk, er gjennom lesing og øving. Til meir nynorsk vi skriv og les, til lettare blir det,
akkurat slik det er når vi skal læra andre språk. Vi har tru på at nynorsken
vil vinna innpass på mange fleire slike område dei næraste åra :) .

Helsing Gro og Ingar


  • Må jeg skrive på nynorsk for å være med i skrivetevlingen? Og hvor er denne tevlingen? Og når?

    Hilsen Anne Grethe

Svar:
Du må skriva på nynorsk eller på dialekt for å vera med i skrivetevlinga. Du finn meir informasjon om tevlinga

her

. Skulen din skal også ha fått informasjon i posten, til utdeling til elevane.

Om du vil vera med, må du senda inn stil innan 7. april til
skrivetevling@nm.no.

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Halloi
    Harald Heide Steen, brukte tullenynorsk som «kvissleis» og sånt. Er det bare tull, eller er kvissleis et ord?

    Hilsen Harald

Svar:
Kvissleis er ikkje eit ord, men vi skjønar at ein del kan ha problem
med å skilje tulleorda frå rett nynorsk, spesielt om ein ikkje les så mykje nynorsk.

Helsing Gro og Ingar


  • Hei
    Er det ikke snart på tide å gi opp 100 års kamp og innse at kampen om nynorsken er tapt?

    Jeg synes Norges mållag har et imageproblem. Hadde dere ikke tjent på å være litt løsere i snippen?

    Hvorfor gis det ut så lite litteratur på nynorsk?

    Hvorfor er det så viktig at vi skal lære nynorsk i skolen? Jeg skriver
    jo aldri nynorsk. Er det riktig at JEG må lære nynorsk bare fordi andre snakker nynorsk?

    Ove

Svar:
Det er nok dei siste åra vi har innsett at kampen om nynorsken er
vunnen :) . Om lag 600 000 nordmenn bruker nynorsk i dag, og sjølv om vi gjerne skulle vore fleire, er det ingen grunn til å tru at vi er i ferd med
å tape.

Er det noko spesielt du vil vi skal kneppe opp :) ?

Det finst nok færre nynorskforfattarar enn bokmålsforfattarar, sidan det
finst færre nynorskbrukarar ålment sett. Dessutan er det truleg ein del som til vanleg skriv nynorsk, som likevel gjev ut bøker på bokmål fordi dei er redde for å selja mindre på nynorsk. Av nyare bøker kan vi tilrå både «Nød» av Are Kalvø og «Få meg på, for faen» av Olaug Nilssen.

Det er knapt nokon i Noreg som snakkar nynorsk. Det er viktig at alle lærer nynorsk fordi mange skriv det, og det er viktig at alle lærer bokmål fordi mange skriv det. Nynorsk og bokmål er blant dei emna det norske samfunnet definerer som ålmennkunnskap og som derfor står på pensumet til alle elevar.

Føremålet med opplæring i bokmål og nynorsk i skulen er at du skal vera i
stand til å sjølv velja kva du vil bruka som vaksen. Dette valet kan du
ikkje gjera, om ikkje du har lære båe delar. (Og ja, det finst dei som
endrar syn på eigen språkbruk i vaksen alder, same kor fjernt det kan verka i skuletida :).)

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Hei.
    Eit spørsmål til Noregs Mållag: i kva fylke har nynorsk hatt mest
    tilbakegang dei siste åra? Og er det nokre fylke der talet på
    nynorskbrukarar aukar?

    Hilsen Kari

Svar:
Den største tilbakegangen har vore i Trøndelag. I Møre og Romsdal
aukar talet på nynorskbrukarar. Det totale talet på nynorskbrukarar aukar likevel. I 1970 var det 68 000 elevar med nynorsk hovudmål i grunnskulen. I 2005 er talet om lag 90 000.

Helsing Gro og Ingar


  • Jeg lurer på hva som menes med arkaisk nynorsk.

    Marie

Svar:
Med det meiner ein «gammaldags» nynorsk i tydinga slik nynorsknormalen var tidlegare. Som du sikkert kjenner til, har rettskrivinga endra seg fleire gonger siste hundre åra. Ein del former som var vanlege før, kan no ha vorte forbodne eller er klammeformer. Former som i dag er lite brukte, vert rekna som uvanlege, og dei vert lett stempla som «arkaiske».

Helsing Gro og Ingar


  • Tror dere nynorsken en dag vil «dø» ut?

    Hilsen Ann Merete

Svar:
Nei, ikkje så lenge vi i det heile skriv norsk her i landet. Om
utviklinga om nokre hundre år skulle føra til at bokmålet forsvinn heilt, er
det vel grunn til å tru at også nynorsken vil bli borte.

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Hei

    Eg har inntrykk av at meir og meir blir tillete i nynorsk / at det skjer
    ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål. Nå i 2006 - kva er
    hovedforskjellane mellom dei to skriftspråka (tenkjer på spes. ordtypar, verbendingar etc.)?

    Asbjørn

Svar:
Det er rett at nynorsk og bokmål har nærma seg kvarandre, særskilt
fram til 1981. Etter 1981 har bokmålet fjerna seg frå nynorsken att, medan nynorsken har vore nokså stabil. Den nynorske grammatikken er meir avansert fordi han er tufta på dialektane, medan grammatikken i bokmål er enklare fordi han er tufta på dansk grammatikk.

Nynorsk grammatikk er likevel meir konsekvent. Det er likevel orda og ordtilfanget som får fram skilnadene. M.a. er det få såkalla «anbehetelse»-ord som er brukte i nynorsk. Døme: på bokmål heiter det ferdighet, på nynorsk dugleik eller tame (av verbet å temje). Nynorsk har også mange diftongar, ein god del a-endingar og ar-bøyingar osb.

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Må eg skrive langt, eller?
    kva er kjekkast, tragedie eller komedie?

    Tobias, Ulsteinvik

Svar:
Stilen bør vera på 1-3 A4-sider, 12 punkt, halvannan linjeavstand. Vi held
ein knapp på det tragikomiske ...

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Har dere tenkt på å markedsføre dere litt bedre? Hadde ikke hørt om
    Noregs Mållag før jeg så denne artikkelen, jeg...

    Hilsen Stina

Svar:
Vi marknadsfører oss så godt vi kan. I mange tilfelle er det riksmedia
som styrer kva som får vera tema i offentlege ordskifte. Då er det slett
ikkje alltid at våre saker blir rekna som dei mest dagsaktuelle. Forstå det,
den som kan :)

Helsing Gro og Ingar


  • Gratulerer med dei hundre! Kva er målet for dei neste hundre åra?

    Christian, Voss

Svar:
Takk for det! Målet for dei neste hundre åra er at nynorsk blir brukt
på absolutt alle samfunnsområde, utan at nokon reagerer på det. Då kan alle nynorskbrukarar halda fram med å vera det, same kva utdanning og yrke dei vel seg. (I det offentlege må sjølvsagt alle tilsette skriva både nynorsk og bokmål alt etter kven dei skriv med.)

Helsing Gro og Ingar



  • Kva synest du eigentleg om samnorsk?

    Bodil

Svar:
For få år sidan fjerna Stortinget den såkalla samnorskparagrafen;
paragrafen i lov om Norsk Språkråd der det heitte at det er eit mål å føra
dei to norske målformene nærare saman. Slik sett er samnorsk eit ikkjetema i offisiell norsk språkpolitikk.

Eg har sjølv aldri likt tanken om samnorsk, og det handlar mellom anna om at det er vanskeleg å få til gode, konsekvente rettskrivingsreglar dersom ein skal blanda to system. For alle som skal læra norsk, er det ein fordel om rettskrivinga er så enkel som råd og har færrast mogleg unntak frå hovudregelen. Det gjeld sjølvsagt både på bokmål og på nynorsk.

Helsing Gro

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen




  • Stemmer det at nynorsk er norsk og bokmål er dansk?

    Magnus A, Oslo

Svar:
Det stemmer at nynorsk har opphavet sitt i norsk, og at bokmål har
opphavet sitt i dansk. Ivar Aasen laga nynorsken ut frå dei norske
dialektane. Dansk var ein gong einaste skriftspråket i Noreg, og bokmålet er ei fornorsking av dansk. I dag er den offisielle, korrekte definisjonen at
nynorsk og bokmål er to ulike norske målformer.

Helsing Gro og Ingar


  • Hvordan ser du på fremtiden for det nynorske skriftspråket?

    Hilsen Hilde, Oslo

Svar:
Vi ser lyst på framtida! Nynorsk blir i dag brukt på dei aller fleste samfunnsområde, sjølv om det er langt færre som skriv nynorsk enn bokmål. Knapt nokon klagar over at dei sjølve må lesa / høyra nynorsk eller dialekt lenger. Det er eit godt teikn på at folk flest er vane med nynorsk og ikkje reagerer negativt på han. Ingen grupper med makt til det, ønskjer i dag å fjerna nynorsken, sjølv om vi kan vera usamde om korleis vi meir konkret skal ta vare på og gje nynorsken plass i samfunnet.

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen


  • Hei, korleis er det med spørsmålsteikn eller ropeteikn, når dei kjem
    midt inni ei setning?
    Kan du kome hit, spurde Arne.
    Kan du kome hit? Spurde Arne.
    Nei! Svarte Johan, og såg ut av vindauget.
    Kva er rett?
    Håpar de kan svare! Med venleg helsing Anne Margrethe, 14 år.


Svar:
Hei. Slike teikn skal også brukast inni setningar. Det skal då vere
liten bokstav etter spørjeteiknet eller ropeteiknet. Døma over bør skrivast
slik: «Kan du kome hit? spurde Arne.» og «Nei! svarde Johan, og såg ut av vindauget.»

Helsing Gro og Ingar

  • Heiter det
    Når skal eg få dei kastrert? Eller når skal eg få dei kastrerte? No
    snakker eg om kattene mine altså.
    Helsing Dyreven

Svar:
Hei. Samsvarsbøying skal berre brukast etter dei modale verba å vera
og å bli (og å verta). I dette tilfellet heiter det altså «Når skal eg få
dei kastrert?» medan det vil vera rett å slå fast at «dei er kastrerte.»

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen
  • Hei, hei!
    Er det mange som bruker kløyvd infinitiv? Kan ein lære seg det, eller må
    det vere medfødt? Det ser ut som mange bruker det utan å tenkje over det?
    Helsing Tove

Svar:
Hei. Det er nok ingen som tel brukarar av ulike skrivemåtar i nynorsk.
Sannsynlegvis er det nokså få som bruker kløyvd infinitiv, fordi det er
ganske vanskeleg / tidkrevjande å læra dersom ein ikkje har det i talemålet sitt. Det kan nok også vera ein og annan som rett og slett blandar a-infinitiv og e-infinitiv, heilt utan at dei meinte å skriva kløyvd
infinitiv. For oss som ikkje har kløyvd infinitiv i talemålet, er det
vanskeleg å sjå om andre gjer det rett eller ikkje.

Helsing Gro og Ingar

Artikkelen fortsetter under annonsen
  • Hei eksperter!=)

    Noe av det beste med det nynorske språket er muligheten til å uttrykke seg med et «levende» språk, nær opp til sin egen dialekt. Men jeg lurer veldig på hvordan en løser problemer med nye ord, som ikke fins i nynorske ordbøker, for eksempel engelske ord? Kan en finne opp en oversetting som høres god ut..? Eksempelvis skulle jeg her en dag skrive om den populære aktiviteten «paintball», og det ordet måtte jeg fint oversette på egen hånd.

    Vennlig hilsen Ida L

Svar:
Hei. Klart du kan prøva deg med sjølvlaga norske ord! Språkrådet
prøver å finna norske ord for utanlandske ord, og det kan også vera ein god ting å følgja med på sida deira www.sprakrad.no. Om du sjølv synest du har funne eit kjempeflott nytt norsk ord, kan du senda det til Språkrådet som tips til andre. Dei har ei eiga «ordsmie» på nettsida si der folk diskuterer gode norske avløysarord på ulike felt.

Helsing Gro og Ingar

  • Kan læreren hjelpe oss med å rette stilen vi sender inn???

    Hilsen Oddvar Tengesdal.

Svar:
Det er heilt i orden for oss, så lenge det er i orden for læraren :)

Helsing Gro og Ingar

  • Går det an å skriva rapp, eller heiter det rap, eller ræpp? Musikken
    altså. Og skal ein skrive hipphopp kanskje, eller heiter det framleis
    hip hop?

    Helsing Kristina

Svar:
Hei. Det er valfritt om du vil skriva rapp eller rap, og det heiter
hipphopp på norsk, både på nynorsk og bokmål.

Helsing Gro og Ingar

  • Hva er vitsen med nynorsk, hvorfor trenger vi det?

    Asle

Svar:
Hei. Nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg, og skriftspråka
har ulikt opphav og har vore i bruk lenge. For å få kunnskap om heile det
norske språket, treng vi å læra både nynorsk og bokmål. Det er mange i Noreg som av ulike grunnar byter målform i vaksen alder.

Ein føresetnad for at den valfridomen skal vera reell, er at ein har lært båe delar. Dersom Noreg skal kunna fungera med to språk i framtida, slik alt tyder på at det skal, er det også ein føresetnad at fleirtalet er viljug til å læra seg mindretalet sitt språk. Slik er det i alle land som har meir enn eitt språk.

Helsing Gro og Ingar


Les meir:


  • Om skrivetevlinga

    her

  • Om Noregs Mållag her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving