Dei gjorde verda annleis og rikare for oss alle
Hausten 1908 blei nemleg både komponisten Geirr Tveitt og diktaren Olav H. Hauge fødde.
Nasjonal markering
Dette jubileet må sjølvsagt feirast, kultursjefane i Kvam og Ulvik kommunar har teke initiativ til ei nasjonal og dels internasjonal markering av dei to udiskutabelt store kunstnarane.
I tillegg til heimkommunane til dei to, har også Bergen Kommune, Bergen Filharmoniske Orkester, Hordaland Fylkeskommune, musikkfestivalen Hardingtonar, Ulvik Poesifestival, Olav H. Hauge-dagane og Haugestiftinga vore med på å setje i gang eit forprosjekt for markeringa.
4000 dagboksider
Olav H. Hauge døde i 1994 og etterlet seg ei lang rekke diktsamlingar, gjendiktingar og eit dagbokmateriale på 4000 sider. Dikta hans er omsette til nærare 30 språk.
Fargerik og produktiv
Geirr Tveitt frå Norheimsund døde i 1981. Han var komponist, pianist og musikkteoretikar, og vert i forprosjektskrivet beskriven som «den mest fargerike musikkskaparen i sin generasjon - og truleg den mest produktive».
Mykje er blitt annleis
Forfattaren Jon Fosse seier i forordet til forprosjektskrivet for jubileumsmarkeringa:
«Mykje er blitt annleis og rikare fordi Olav og Geirr har levd og verka. Ein kan faktisk seie at det ein reknar for dikting, er annleis etter at Olav har dikta. Og det ein reknar for musikk, er annleis etter at Geirr førte sin musikk inn i verda.»
Fosse meiner også at Hardanger er blitt annleis, «ser annleis ut, høyres annleis ut, ja sjølve ordet tyder noko anna», på grunn av verka til dei to store kunstnarane.
Vi gler oss til jubileet!
Les meir på nettet:
Ballade sin Geirr Tveitt-biografi
Wikipedia om Geirr Tveitt
Wikipedia om Olav H. Hauge
NRK har lydfiler med Olav H. Hauge sjølv
Det er den draumen, Olav H. Hauge sin store «
hit»