Kate Moss blir kunst

Artikkelen fortsetter under annonsen

Modellen og kokainkjendisen Kate Moss blir objekt for kunstnarhender.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kate Moss (32) har vore modell og kjendis i snart 20 år. (Foto: gossipnews.it)Kate Moss (32) har vore modell og kjendis i snart 20 år. (Foto: gossipnews.it)

Statuar av kjende folk er ikkje noko nytt, men litt nyskapande må det seiast å vere å setje eit nålevande og moderne ikon på sokkel.

To rare typar


Kate Moss, som dessverre har blitt svært kjend for sitt noko heftige og offentlege forhold til kokain, skal nå bli foreviga i form av heile fem bronsestatuar.

Mannen som ønskjer å lage desse skulpturane er den britiske kunstnaren Marc Quinn. Quinn meiner Moss er eit ikon fordi ho har tydeleggjort kva skjønnheit er i samfunnet sine auge.

Oppslaga var store og stygge då Kate Moss vart snikfilma av ei tabloidavis medan ho sniffa kokain. (Foto: cnn.net)Oppslaga var store og stygge då Kate Moss vart snikfilma av ei tabloidavis medan ho sniffa kokain. (Foto: cnn.net)

Modellen


32år gamle Kate Moss har vore supermodell i sidan ho var om lag 14 år gamal. Ho har vore på framsida av alle dei store glossy magasina, og ho kjenner alle catwalk'ar som er av betydning.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dopskandale


Dei seinaste månadene har ho figurert på utallige framsider på grunn av den etter kvart så famøse kokainskandalen. Ho har og vore knytt til den svært partyglade artisten Pete Doherty.

Kate Moss har forøvrig dottera Lila Graceyfriend (3 ½) med ekskjærasten Jefferson Hack.


Byste i blod


Kunstnaren Marc Quinn er mest kjend for å ha laga eit noko spesielt

Skulpturen «Self» er laga av Marc Quinn sitt eige nedfrose blod. (Foto: artcritical.com)Skulpturen «Self» er laga av Marc Quinn sitt eige nedfrose blod. (Foto: artcritical.com)

sjølvportrett av blodet sitt (sjå biletet). På nittitalet fraus han ned over tre liter av sitt eige blod som han seinare støypte ei byste av og så stilte ut.

Ei kuriøs historie vil forresten ha det til at bysta vart øydelagt fordi ho befann seg i kjendiskokken Nigela Lawson sin frysar då kjøkkenet til Lawson skulle renoverast og nokon plugga ut frysaren… Dette viste seg å berre vere tull, og bysta vart seinast utstilt i London i 2003.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lem-lause folk


Andre prosjekt kunstnaren har jobba med, er skulpturar av kjende menneske som manglar armar og bein. Den armelause og gravide Alison Lapper vart t.d. skulpturert og sett på sokkel i Trafalgar Square.

Kunstnaren har mellom anna laga denne skulpturen som vart stilt ut på Trafalgar Square i London. (Foto: mylondondiary.com)Kunstnaren har mellom anna laga denne skulpturen som vart stilt ut på Trafalgar Square i London. (Foto: mylondondiary.com)


Forma og forvridd


Quinn vil no altså lage fem bronseskulpturar av Kate Moss kor ho blir framstilt som kjærleiksgudinna Afrodite. Men skulpturane skal, i følgje kunstnaren sjølv, vere ekstreme og forvridde:

«Ho er forma av kollektivt begjær, så å framstille ho i forvridde positurar handlar om den måten samfunnet formar, vrir og manipulerar ho og imaget hennar», seier Quinn til Female First.

Offentleg utsmykking


Så langt veit me lite om kor dese skulpturane skal stillast ut, men skulle det bli noko problem, så vil eg tru Londonpolitiet ville vere svært interessert å få ein av statuane.

Kjelder: Wikipedia og Female First


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving