Ung og kreativ? Spør ekspertane om råd!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du ein forfattar i magen? Likar du å skrive? Noregs Mållag inviterer til skrivekonkurranse for ungdom, og til nettmøte der du kan spørje ekspertane om språkråd.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Førstkomande torsdag,

16. februar kl. 17-19

vil Noregs Mållag, i samarbeid med ABC Startsida, arrangere eit nettmøte der du kan få svar på spørsmåla dine. Du kan byrje å spørje allereie no, berre skriv ein epost til

skrivetevling@startsiden.no

.

Viss du har ein forfattar i magen, kan du få han ut no, og til og med vinne ein pc. (Foto: Noregs Mållag)Viss du har ein forfattar i magen, kan du få han ut no, og til og med vinne ein pc. (Foto: Noregs Mållag)


Likar du å skrive?


Har du hemmelege, sjølvskrivne bøker i skuffen? Eller likar du kjempegodt å skrive stil? Noregs Mållag er 100 år i år, og inviterer alle elevar på ungdomsskole og vidaregåande til å vere med og konkurrere om fine premiar, heider og ære. Stilen skal skrivast på nynorsk.

Bli med!


Du kan vere med i tevlinga anten du alltid skriv nynorsk eller om du har det som sidemål. Fyrstepremien er ein bærbar pc. Sjå meir om skrivetevlinga og kva du kan vinne

her

.

Kva lurar du på?


Frist for innsending til tevlinga er 7. april, og temaet er «Språket mitt». Men før du kjem så langt som til innsendinga, har du kanskje nokre spørsmål om nynorsk, eller om språk generelt?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er det «lov»?


Gro Morken Endresen er dagleg leiar i Noregs Mållag, og klar til å svare på spørsmåla dine. (Foto: Noregs Mållag)Gro Morken Endresen er dagleg leiar i Noregs Mållag, og klar til å svare på spørsmåla dine. (Foto: Noregs Mållag)

Alle som skriv, lurar ofte på korleis ein skriv enkelte ord, korleis ein skal uttrykkje seg, og om det er «lov» å skrive slik eller slik. Viss du lurer på noko om språk, har du no ein unik sjanse til å spørje dei som verkeleg har peiling.

For eksempel


- Er det stor eller liten «i» i «internett»?
- Kor skal eg setje komma?
- Er det lov å skrive «beiken» og «pøbb»?
- Kan eg bruke dialektord når eg skriv nynorsk?
- Korleis skriv ein «deres kongelige høyhet» på nynorsk?

No kan du «bombardere» språkekspertane i Noregs Mållag, spør om det du vil, her er ingen grenser. Ingenting er forbode å spørre om innan språk, kanskje greier du å «målbinde» mållaget?


Ekspertane


Gro Morken Endresen og Ingar Arnøy, begge frå Noregs Mållag, svarer på spørsmåla dine torsdag 16. februar kl. 17-19. Send inn spørsmål på

skrivetevling@startsiden.no

allereie no, så er du sikker på å få svar!

Les meir:


  • Om skrivetevlinga

    her

  • Om Noregs Mållag her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving